Karve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karve
Karve
Karve
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Slekt: Carum
Art: Karve C. carvi
Vitskapleg namn
Carum carvi

Karve (Carum carvi) er ein toårig skjermplante og krydderplante. Planten er vanleg og veks vilt i Noreg. Elles har arten ei sirkumpolar utbreiing.

Planta er kring 40 cm høg med greina stengel og lysgrøne 2-3-dobbelt finna blad med sitjande finnar. Øvre stengelblad har to små finna blad ved grunnen av gladslira. Karve har kvit eller raudleg blomster. Frukta er 4 mm lang. Karve blømer kring juni månad i turre bakkar nær og på dyrka mark.

Både rota og blad har vore brukt til mat. Frøa vert brukt som krydder, og er viktige smakssetjarar i akevitt, surkål og pultost. Dei unge blada blir kalla «karvekål» og kan brukast som spinatvekst.

Karve har òg vore brukt som medisin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Karve, Urter i litteraturen ved Aust-Agder-Arkivet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karve