Pus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søt og mjuk pus måla av Franz Marc.

Pus er eit kjæleord og vanleg brukt namn for kattar. Variantar av ordet er pusi, pissi og pussi. Det kan òg brukast som kjælenamn mellom elskande.

Ordet har samanheng med verbet å pusa, det å seia «Pus, pus, pus» eller «Ps, ps, ps» for å lokka til seg ein katt. Slik sett kan det kallast eit lydord.

Pus finst i samansetjingar som kattepus og harepus og i namnesamansetjingar som Gråpus eller Svartepus.

Pus på andre språk[endre | endre wikiteksten]

Det tilsvarande ordet pussy finst òg på engelsk. Det har vore brukt sidan 1500-talet som kosenamn til både kattar og kvinner. I tillegg har det vore eit slangord som i dag heilt overskugger den tidlegare tyding: Vagina (og overført pyse brukt om ein mann). Lenge brukte ein denne doble tydinga til å laga frekke ordspel, men i dag er ordet blitt eit tabuord som svært sjeldan blir brukt om kattar. I staden bruker ein samanesetjinga pussycat eller det nyare ordet kitty som kjælenamn på kattar og eventuelt kvinner.

Det tyske ordet Muschi kan òg bety både «katt» og «vagina».