Putsjezj
| Putsjezj | |||
| Пучеж | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Ivanovo oblast | ||
| Areal | 6 km² | ||
| Folketal | 6 879 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1594 | ||
| • Bystatus | 1793 | ||
| Retningsnummer | 49345 | ||
![]() Putsjezj 56°59′00″N 43°10′00″E / 56.983333333333°N 43.166666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Puchezh | |||
Putsjezj (russisk Пучеж) er ein hamneby i Ivanovo oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved Gorkij-reservoaret i Volga, rundt 140 km aust for Ivanovo.
Busetnaden vart først nemnt som Putsjisjtsje sloboda i 1594. På 1800-talet vart han eit senter for kornindustrien og linhandelen. Den nærliggande byen Ivanovo vart kjent som «brudebyen», sidan mange kvinnelege arbeidarar flytta til byen for å arbeide i veveriindustrien (som igjen var avhengig av linhandelen til Putsjezj) og i følgje segna kom ugifte menn hit for å finne ektefellar.
I 1952 starta fyllinga av Gorkij-reservoaret (kalla opp etter forfattaren Maksim Gorkij, noko som gjorde byen utsett for flaum. I løpet av dei neste tre år vart byen demontert, flytta til ei høgare plassering, og bygd opp att.
I dag har Putsjezj framleis ein linhandel og ein tekstilfabrikk. Anna industri er ein fabrikk som produserer element av armert betong, ein treforedlingsfabrikk, og Istoki-fabrikken. Istoki er eit kunsthandverk som omfattar framstilling av arbeid av tradisjonelt broderi, både handlaga og maskinelt, med mønster henta frå gammal kunst frå Volga-regionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Putsjezj» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.
