Hopp til innhald

Ivanovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ivanovo (fleirtyding).
Ivanovo
Иваново
by
Ivanovo i 2018
Foto: A. Savin
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Ivanovo oblast
Høgd 120 m
Areal 104,84 km²
Folketal 356 735 (1. januar 2025)
Først nemnd i 1561
   Bystatus 1871
Postnummer 153000–153048
Retningsnummer (+7) 4932
Bilnummer 37
Kart
Ivanovo
57°N 41°E / 57°N 41°E / 57; 41
Wikimedia Commons: Ivanovo

Ivanovo (russisk Ива́ново) er ein by i Russland og det administrative senteret i Ivanovo oblast. Byen har om lag 360 000 innbyggjarar.

Ivanovo har tradisjonelt vorte kalla tekstilhovudstaden i Russland. Sidan dei fleste av tekstilarbeidarane har vore kvinner har han òg vorte kalla «Brudebyen». Den truleg mest kjende kvinnelege innbyggjaren i byen var den postmoderne franske forfattaren Nathalie Sarraute.

Her ligg Ivanovo Severnyj, som er ein av dei største militære luftbrubasane i Russland. Den sivile lufthamna ligg ved Ivanovo Juzjnyj lufthamn.

Ivanovo har fleire utdanningsinstitusjonar, som Ivanovo statlege universitet, Ivanonvo statlege universitet for kjemi og teknologi, Ivanovo medisnske akademi, Ivanovo arkitektakademi, Ivanov stalege kraftuniversitet (ISPU). ISPU er eit av dei eldste universiteta i byen og utdannar spesialistar innan sterkstraumteknikk.

Ivanovo oppstod då den gamle linfabrikk-landsbyen Ivanovo (først nemnd i 1561) vart slått saman med industribyen Voznesenskij Posad i 1871. Fram til 1932 var det offisielle namnet Ivanovo-Voznesensk.

Tidleg på 1900-talet konkurrerte Ivanovo med Łódź (som òg var ein del av Det russiske riket på denne tida) om tittelen som det største tekstilsentret i Europa. Butilhøva for arbeidarane var særs dårlege og det var ofte streik. Ein av desse streikane førte til den russiske revolusjonen i 1905. I følgje Store Sovjetiske Leksikon var Ivanovo Sovjet (danna i mai 1905) ein av dei første sovjetane i historia, men dette er omstridd.[1]

  1. Store Sovjetiske Leksikon: artikkel Советы депутатов трудящихся - Sovjety deputatov trudjasjikhsja

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ivanovo