Hopp til innhald

Sjuja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjuja
Шуя
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Ivanovo oblast
Høgd 100 m
Areal 33 km²
Folketal 55 225 (2021)
Først nemnt i 1393
   Bystatus 1778
Postnummer 155900–155912
Retningsnummer (+7) 49351
Kart
Sjuja
56°51′00″N 41°22′00″E / 56.85°N 41.366666666667°E / 56.85; 41.366666666667
Wikimedia Commons: Shuya

Sjuja (russisk Шу́я) er ein by i Ivanovo oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Teza, rundt 25 km søraust for Ivanovo.

Sjuja vert nemnd første gong i historiske dokument i 1393. Frå 1403 vart området halde av ei gren av huset Suzdal, som fekk namnet sitt «Sjuiskij» etter byen. I 1539 vart byen plyndra av Safagäräy av Kazan. I 1566 vart han overteken av Ivan den grufulle som hans personlege eigedomen i opritsjnina. I 1722 vart byen vitja av Peter den store, som starta tekstilframstilling i byen. Innan 1800-talet hadde Sjuja vorte eit av dei største sentera for handsaming av lin, sjølv om han sidan er vorte overgått av nabobyen Ivanovo.

Nikolo-Sjartomskijklosteret, som ligg tolv kilometer frå Sjuja, er eit av dei største klostra i Russland. Klosteret vart første gong nemnt i 1425. Det har ein katedral frå 1652 og eit refektorium frå 1678. Klokketårnet i Gjenoppstandelseskatedralen er det høgaste frittstående klokketårnet i verden.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sjuja