Puvirnituq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Puvirnituq
busetnad
Puvirnituq - Mai 2012.JPG
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Provins Quebec

Puvirnituq
60°1′0″ N 77°16′0″ W
Wikimedia Commons: Puvirnituq

Puvirnituq (inuktitut ᐳᕕᕐᓂᑐᖅ) er eit inuittsamfunn i Nunavik i Quebec i Canada. Det ligg ved Povungnitukelva nær munningen av elva i Hudsonbukta. Det har status som «nordisk landsbykommune» (fransk municipalité de village nordique, engelsk northern village municipality). Ved den kanadiske folketeljinga i 2021 hadde det 2 128 innbyggjarar.[1]

Av alle dei nordiske landsbyane i Nunavik har berre Puvirnituq og Ivujivik ikkje noko reservert inuittland med same namn.

Namnet på staden tyder 'stad med luke av rote kjøt'. Dette uvanlege namnet kan ha opphav i ei av desse legendariske hendingane:

  • Ein flokk karibu blei tekne av Povungnituk-elva då dei prøvde å kryssa henne og blei vaska opp nær den noverande busetnaden, der kadavera deira gav frå seg lukt.
  • Ein epidemi drap dei fleste innbyggjarane på staden slik at det ikkje var nok folk att til å gravleggja dei. Lika blei liggjande og rotna, slik at det oppstod stank her.

Puvirnituq er eit luftfartsknutepunkt på kysten av Hudsonbukta. Puvirnituq Airport har ruteflygingar til og frå alle dei andre kystsamfunna rundt bukta i Quebec, Montreal og Ottawa. Staden har ikkje vegsamband til resten av Canada.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Iguarsivik skule i Puvirnituq

Hudson's Bay Company (HBC) skipa ein handelspost på staden i 1921, kjend som Povungnituk og ofte forkorta til Pov. Denne trekte til seg inuittar frå nærområdet. I 1951 opna HBC ein landhandle har. Etter at liknande butikkar i landsbyar rundtom stengde, flytta fleire inuittar til Puvirnituq.

Det blei skipa ein katolsk misjon her i 1956, som oppmuntra innbyggjarane til å skipa Carvers Association of Povungnituk to år seinare. Denne blei seinare til Co-operative Association of Povungnituk, og bidrog til å støtta, utvikla og marknadsføra inuittkunst. Suksessen inspirerte andre inuittsamfunn til å skipa liknande kooperativ, som no for det meste er med i Federation of Co-operatives of Northern Quebec. Leah Nuvalinga Qumaluk var ein av kunstnarane som var med i kooperativet.[2]

Utdanning og samfunnstenester[endre | endre wikiteksten]

Kativik School Board driv tre skular i Puvirnituq: Ikaarvik Primary School for dei tre første skuletrinna, Iguarsivik Primary-Secondary School for 4. klass til Secondary 5,[3] og Adult Education Centre.[4]

Polititenester i Puvirnituq blir utførte av Nunavik Police Service.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Census Profile, 2021 Census». 2021 Census. Statistics Canada. 
  2. Jules Heller; Nancy G. Heller (19 December 2013). North American Women Artists of the Twentieth Century: A Biographical Dictionary. Routledge. ISBN 978-1-135-63882-5. 
  3. "Our Schools."
  4. «Puvirnituq - Adult Education». Kativik (på engelsk). Henta 17. april 2022. 
  5. KRPF. «General Information». Home (på engelsk). Henta 3. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Puvirnituq