Pyroklor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pyroklor
Pyrochlor.jpg
Pyroklor frå Uganda
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formel(Na,Ca)2Nb2O6(OH,F)
Strunz-klassifisering04.DH.15
Dana-klassifisering08.02.01.01 pyroklorgruppa
KrystallsymmetriIsometrisk 4/m 3 2/m
Einingscellea = 10.41(6) Å, Z=8
Identifikasjon
FargeSvart til brun, sjokoladebrun, raudbrun, ravoransje, raudoransje
KrystallformTypisk åttesidig, impregnert korna, massive
KrystallsystemIsometrisk - heksotahedral
Tvilling111 sjeldan
Kløyv111 utydeleg, kan vere ei deling.
BrotUndermuslig til ujamn, flisete
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5.0–5.5
Glansglasaktig til harpiksaktig
StrekfargeKvit
TransparensSubgjennomskineleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt4.45 til 4.90
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop, svakt avvikande anisotropisme
Brytingsindeksn = 1.9–2.2
Andre eigenskaparStundom radioaktiv, ofte metamikt
Kjelder[1][2][3]

Pyroklor er eit brunt til svart mineral, eit oksid av niob, kalsium og natrium, (Ca,Na)2Nb2O6(O,OH,F), med kubisk symmetri. Det inneheld noko thorium og finst i metamikt tilstand. Det er vanleg på syenittpegmatittar ved Larvik og Langesundsfjorden og vart først skildra frå Stavern av F. Wöhler i 1826. Ein varietet som opptrer i karbonatittar, blir kalla koppitt.

Mineral i pyroklorgruppa omfattar mellom anna òg mikrolitt (med meir tantal enn niob) og betafitt (som etter nyare nomenklaturreglar skal ha meir titan enn niob og tantal).

Det finst ein stoffklasse av uorganiske samband med same eller liknande struktur som mineralet pyroklor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]