Pyrop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pyrop
Piropas.jpg
Generelt
KategoriMineral: magnesium-aluminium silikat
Kjemisk formelMg3Al2(SiO4)3
Identifikasjon
FargeRaud. Nokre variantar er veldig mørke, nesten svarte, medan andre kan ha tonar av fiolett. Somme krom-rike pyropar er termokromiske og dei vert grøne ved oppvarming[1]
KrystallformEuhedral syner typisk rombisk dodecahedrisk form, men trapezohedrisk er ikkje uvanleg, og heksoktahedrisk finst somme sjeldne tilfelle. Massive og granulære former finst òg.
KrystallsystemKubisk
KløyvIngen
BrotKonkoidalt
Mohs hardleiksskala7-7.5
Glansfeitt- til glasaktig[2]
StrekfargeKvit
Spesifikk vekt3,78 (+0,09-0,16) [2]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEnkeltbrytande, ofte anomalt dobbeltbrytande[2]
Brytingsindeks1,74 normal, men varierer frå 1,714 til over 1,742 [2]
DobbeltbrytingIsotropisk, ser svart ut i krysspolarisert lys
PleokroismeIngen
Ultrafiolett fluorescensInert
Absorpsjonsspektrumbreitt band ved 564 nm med stopp ved 440 to 445nm. Pyrop med edelsteinkvalitet kan ha kromliner i den raude enden av spektret
OppløyselegheitUløysbar i vatn, svakt løysbar i HF

Pyrop er eit magnesiumsrikt mineral som er del av granatgruppa. Pyrop er det einaste av minerala i denne gruppa som alltid er naturleg raudfarga, ofte djup blodraud. Namnet kjem frå gresk, og er sett saman av pyro ('eld') og peo ('auge'), altså 'eldauge'. Sjølv om pyrop er meir sjeldsynt enn dei fleste typane granat, er det ein ofte nyta smykkestein med mange ulike kallenamn, som bøhmisk granat, arizonarubin og californiarubin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Termokromisk Cr-k Pyrop Granatar
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 (Gia), Gemological. Gem Reference Guide. City: Gemological Institute of America (GIA), 1988. ISBN 0-87311-019-6