Pyrrhossiger

Mynt gjeven ut under kong Pyrrhos, som har gjeve opphav til uttrykket «pyrrhossiger».
Pyrrhossiger er eit uttrykk for ein særs dyrekjøpt siger, ein siger med store eigne tap. Uttrykket stammar frå Pyrrhos av Epirus, som etter ein siger i slaget mot romarane ved Asculum i år 279 f. Kr., der han tapte mesteparten av hæren og offiserane skal ytra: «Ein slik siger til, og eg er fortapt».
Døme[endre | endre wikiteksten]
- Slaget ved Hydaspes (326 f.Kr.) mellom Gresk Makedonia og Pauravakongedømet i India. Hærføraren Aleksander den store vann, men soldatane hans nekta å kjempa seg vidare i India.
- Slaget ved Asculum i 279 f.Kr. Pyrrhus av Epirus og italienske allierte mot romarane.
- Turko-Tang slaget (681)
- Slaget ved Kosovo (1389) mellom Serbia og Det osmanske riket
- Slaget ved Malplaquet (1709) under Den spanske arvefølgjekrigen
- Det tredje slaget ved Panipat (1761) mellom marathaer og afghanarar
- Slaget ved Bunker Hill (1775) under Den amerikanske frigjeringskrigen
- Slaget ved Guilford Court House (1781) under Den amerikanske frigjeringskrigen
- Slaget ved Isandlwana (1879) under Zulukrigen, mellom Det britiske imperiet og Zulu-kongedømet
- Slaget ved Passchendaele (1917) under Den første verdskrigen
- Slaget ved Kreta (1941) under Den andre verdskrigen
- Slaget ved Santa Cruz-øyane i Salomonøyane (1942) under Den andre verdskrigen.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Frida Skatvik m. fleire; Pyrrhos-seier. Store norske leksikon