Salomonøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solomon Islands

(norsk: Salomonøyane, salomonsk)

Det salomonske flagget Det salomonske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God Save Our Solomon Islands»
Motto Engelsk: To Lead is to Serve
(Å leie er å tene)
Geografisk plassering av Salomonøyane
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Honiara
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Frank Kabui
Manasseh Sogavare
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
28 896 km² (141.)
3,2 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
647 581 (165.)
22,4 /km² (159.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
7. juli 1978
Nasjonaldag 7. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 141 mill. USD (183.)
2 100 USD (172.)
Valuta Salomonsk dollar (SBD)
Tidssone UTC +11
Telefonkode +677
Toppnivådomene .sb


Salomonøyane er eit land i det sørlege Stillehavet, aust for Papua Ny-Guinea, og er ein del av det britiske samveldet. Landet er samansett av meir enn 990 øyar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øyane har eit tropisk havklima med meir eller mindre dei same vêrforholda året rundt. Temperaturen og fukta er høg, og den daglege temperaturvariasjonen er berre om lag 4-5 °C. Middeltemperaturen for Honiara er 27 °C. Ein har mykje nedbør, 2000-3000 mm i året, og sidan øyane ligg sør for ekvator kjem det mest regn mellom november og april. På enkelte av øyane er der derimot lite variasjon i regnmengda frå månad til månad. Det meste av regnet kjem i korte og intense regnbyger på ettermiddagen, men ein kan ha lengre periodar med regn i dei våtare månadane. Øyane har ein årleg nedbørsnormal på om lag 3000 mm. Landet har ein god del sol, bortsett frå dei våtaste områda som har mykje skyer. Tropiske syklonar oppstår ikkje like ofte her som i Stillehavet nord for ekvator.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]