Qasioun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°32′45″N 36°17′11″E
Qasioun
جبل قاسيون
fjell
none
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Damaskus i Syria
Høgd 1 151 moh
Koordinatar 33°32′45″N 36°17′11″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Qasioun (arabisk جبل قاسيون, Jabal Qāsiyūn) er eit fjell med utsikt over byen Damaskus i Syria. Her ligg ei rekkje restaurantar som ein kan sjå heile byen frå. Etter kvart som byen har blitt utvida, har somme bydelar vokse fram ved foten av fjellet. Det høgaste punktet er 1151 meter over havet.[1]

Det er bygd mange skansar i fjellet av det syriske regimet etter starten på den syriske borgarkrigen.[2][3]

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

I fjellsida av Jabal Qasiun ligg ei grotte med mange tilknytte segner. Det er sagt at grotta ein gong var busett av den første mannen, Adam, og både Ibrāhīm (Abraham), og 'Īsā (Jesus) skal ha bedt i grotta. I arabiske historiebøker frå mellomalderen vert ho omtalt som staden der Qābīl (Kain) tok livet av Hābīl (Abel).[4][5] I hundrevis av år vart grotta rekna som ein stad der bøner vart oppfyllte med ein gong, og særleg i tørkeperiodar, ville herskarane av Damaskus vitje grotta og be om regn. På grunn av mordet som det vert hevda fann stader her, det første mordet i verda, vert ho kalla Maghārat al-Dam (Blodgrotta).[6] I følgje sunnimuslimar er Qasioun staden der miḥrābane (bøn-nisjer) til dei 40 helgenane, kalla Abdāl, skal ha bede dei nattlege bønene sine. Det vart bygd ein liten moske over Blodgrootta med desse miḥrābane.

Lenger ned fjellet frå Blodgrotta låg ei anna grotte kalla Maghārat al-Jūˁ (Sveltegrotta). Soger om denne grotta er noko forvirrande. Somme seier at førti helgenar døydde der av svelt: al-Harawī, som levde der på 1200-talet skriv at førti profetar døydde der av svelt.[6] I dag er grotta forsegla, omgjeve av hus, men staden vert kalla al-Juyūˁīyah (omtrent 'Hungersstaden').

Ei anna grotte ligg i ei anne fjellside, og lokalt har denne blitt kalla Sjusovargrotta, nemnd i tidlege kristne kjelder, i tillegg til Koranen[7] der dei er kjende som Aṣḥāb al-Kahf (Følgjegrotta). Det er derimot mange grotter i denne delen av verda som vert hevda å vere denne grotta. I dag er det bygd ein madressah over grotta, men det er framleis tilkomst for pilegrimar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1:10 000, Edition 2-AMS, Series K922. U.S. Army Map Service, 1958
  2. «Syria’s borgarkrig: Closer to the capital», The Economist, 13. april 2013, http://www.economist.com/news/middle-east-and-africa/21576150-president-bashar-assad-and-rebels-are-set-fight-damascus-closer, henta 7 May 2013 
  3. Sam Dagher, 'Assad Readies for U.S. Strike Despite Delay', The Wall Street Journal, Tuesday, September 3, 2013, s. A6
  4. «Jabal Qasiyun - Site of Wonders». http://www.naqshbandi.org/events/hajj/jabal.htm. Henta 30. mars 2014. 
  5. Jason Koutsoukis (September 27, 2008), «Progress at a standstill at the crossroads of the Middle East», The Age, http://www.theage.com.au/world/progress-at-a-standstill-at-the-crossroads-of-the-middle-east-20080926-4ov4.html?skin=text-only, henta 30. mars 2014 
  6. 6,0 6,1 Josef W. Meri (Trans.): A Lonely Wayfarer's Guide to Pilgrimage. 'Ali ibn Abī Bakr al-Harawī's: Kitāb al-Ishārāt ilā Ma'rifat al-ZiyārātPg. 24-25. Princeton, 2004.
  7. Koranen 18:7-26.