Mihrab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mihrab i Qila Kuhna-moskeen i Delhi.

Mihrab (persisk مهراب or محراب, arabisk ألمحراب pl. محاريب, nokre gonger mehrab eller mehraab) er ei nisje i ein moskévegg som syner qibla, det vil seie bøneretninga mot Kaba.

Dekorert mihrab i moskeen i Wesseling.

Veggen rundt blir kalla qibla-veggen, og mihraben gjev inntrykk av å vere ei dør eller ein opning mot Mekka. Størrelsen kan variere, men han er vanlegvis dekorert med ornament. Ved sida av mihraben står det ofte ein minbar, eller preikestol.

Mihrabar vart introdusert under Umayyade-kalifen al-Walid I (705–715). Tidlegare hadde ein brukt skilt for å visa qibla.

Det afghanske riksvåpenet og flagget viser ein mihrab.


Mihrab med minbar (preikestol) i Kairo-sitadellet.

Bilete av mihrabar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mihrab