Qijamah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jawm al-Qījāmah (arabisk skrift يوم القيامة, «dagen til oppstoda») er eit muslimsk omgrep knytt til endetida. Han står i samanheng med jawm ad-Dīn, som laust kan omsetjast som dommedag. Qijamah er omtalt i suren «Al-Qiyamah» ('Oppstoda') i Koranen, og i hadith.

Mange tradisjonar held føre at ein mahdi, eller frelsar, skal visa seg før endetida byrjar. Éin tradisjon seier at dei rettvise skal samla seg på Oljeberget i Jerusalem. Denne tradisjonen er market med fleire innskrifter ved Klippedomen laga av Omajadane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Finbarr Barry Flood, «Architectural Associations», Journal of Palestine Studies: 113-115  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]