Hadíth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hadith)

Hadíth (arabisk الحديث) er den islamske tradisjonen som fortel kva profeten Muhammed har sagt og gjort.

Desse tradisjonane hadde stor relevans for den klassiske korantolkinga, då ein søkte den opphavlege tydinga i eit vers gjennom å gjere greie for i kva samanheng det openberra seg.

Muslimske skriftlærde deler hadith inn i fleire grupper. Hadithar i høve Muhammed er delt inn etter kva dei fortel om:

  • det Muhammed sa (qawl)
  • det Muhammed gjorde (fi'l)
  • det Muhammed såg som positivt (taqrir) som andre gjorde.

Det finst også hadith-skrifter som fortel om kva Muhammed sine næraste sa og gjorde, og ei eiga gruppe hadith-skrifter ([hadith kudsi]) som vert rekna å indirekte vera Guds ord. Dei fleste muslimar anerkjenner hadith-skrifter som den viktigaste kjelda i religionen etter Koranen, med bakgrunn i tolkingar av dette verset (Al-A'raf 157):

for dei som følgjer Sendebodet, profeten frå folka, som dei finn omtala hjå seg i Lova og Evangeliet, og som påbyr dei det som er rett og forbyr det urette, tillet gode ting og forbyr dei stygge, som tek frå menneska deira byrder og lenker som dei var under. Dei som trur på han, styrkar han og hjelper han, og føl lyset som er sendt med han, dei vil det gå godt

Muslimar er likevel ofte ueinige om kva for hadithar som er gyldige og ikkje. Dette ueinigheita er gjerne basert på ueinigheit rundt vitnesrekkja (isnad) i kvar enkelt hadith. Nokre [Koranen åleine|mindre utgrupper] i islam underkjenner hadith i sin heilskap, og hevdar at dei er menneskeskapte, heilt utan autoritet og at dei forfalskar religionen.

I sunni-islam er hadith-samlingane Sahih Bukhari og Sahih Muslim dei mest kjende. Andre viktige samlingar er dei etter Abu Da'ud, al-Tirmidhi, al-Nasa'i og Ibn Maja. Sjia-islam godtek mange av hadithane i sunni-islam, men er skeptiske til skriftlærde og kjelder som ikkje godtok den sjiamuslimske forståinga av Ali og etterkomarane hans. Hjå ibadiane er Musnad al-Rabi ibn Habib ei viktig samling.