Paul Simon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Simon
Paul Simon 2007.jpg
Paul Simon på konsert 8. mars 2007
Verkeleg namn Paul Frederic Simon
Opphav Newark i USA
Fødd 13. oktober 1941 (72 år)
Instrument Vokal, gitar, bassgitar, piano, perkusjon
Sjanger Folkrock, folk-pop, rock, verdsmusikk
Aktive år 1957 til i dag
Yrke Songar, låtskrivar, musikar, plateprodusent
Tilknytte artistar Simon & Garfunkel
Plateselskap Columbia Records (1964-1977, 2010-), Warner Bros. Records (1978-2010), Legacy Records
Nettstad www.paulsimon.com
Kjende instrument
Martin OM42PS (Paul Simon) og PS2

Yamaha PS Signature Models

Paul Frederic Simon (fødd 13. oktober 1941) er ein amerikansk songar og låtaskrivar.

Han er mest kjend som ein halvdelen i duoen Simon & Garfunkel i lag med Art Garfunkel. Simon skreiv dei fleste av songane deira, mellom anna tre songar som nådde førsteplassen i USA, «The Sound of Silence», «Mrs. Robinson» og «Bridge Over Troubled Water».[1] I 1970, medan duoen var særs populære, vart duoen oppløyst og Simon starta ei suksessrik solokarriere, og spelte inn tre kritikarroste album dei neste fem åra.[2] I 1986 gav han ut Graceland, eit album inspirert av musikk frå Township i Sør-Afrika, som støtta anti-apartheid-rørsler.[3] Utanom musikk, har Simon skrive og spelt i filmen One Trick Pony i 1980 og han var med òg skreiv Broadway-musikalen The Capeman i 1998.[4]

I solokarrieren sin og med Simon & Garfunkel har Simon vunne 13 Grammy-prisar, mellom anna Lifetime Achievement Award.[5] I 2001 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame[6] og i vart han av Time magazine valt ut blant «100 menneske som forma verda».[7]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Paul Simon vart fødd i Newark av jødiske, ungarske foreldre. Faren hadde vore ein av dei første musikarane på radio då han levde i Ungarn. I 1941 flytte familien til New York City.

Simon byrja å spele musikk på Forest Hills High School der han møtte Art Garfunkel, som begge då var 11 år gamle. Dei spelte i lag i ei oppføring av Alice in Wonderland og starta å synge i lag då dei var 13,[8] og spelte stundom på skuledansar. Idola deira var the Everly Brothers, og dei etterlikna stilen deira med tette vokalharmoniar. Simon var òg interessert i jazz, folk og blues, særleg artistar som Woody Guthrie og Lead Belly.

I 1957, då dei enno var unge tenåringar, spelte Simon og Garfunkel inn songen «Hey, Schoolgirl» under namnet Tom & Jerry. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 49. plass på poplista i USA. Etter high school gjekk Simon på Queens College, medan Garfunkel studerte på Columbia UniversityManhattan.

Mellom 1957 og 1964 skreiv, innspelte og gav Simon ut meir enn tretti songar, stundom i lag med Garfunkel som Tom & Jerry for enkelte singlar. Dei fleste songane hans i denne perioden vart anten framført aleine eller med andre musikarar enn Garfunkel. Dei vart gjevne ut på fleire mindre plateselskap som Amy, Big, Hunt, King, Tribute og Madison. Han nytta fleire psevdonym for desse innspelingane, som Jerry Landis, Paul Kane (frå Orson Welles-filmen Citizen Kane) og True Taylor. Simon oppnådde noko sukses med eit par av singlane som ein del av gruppa kalla Tico and the Triumphs, mellom anna songen «Motorcycle», som nådde 97. plass i USA i 1962. Tico and the Triumphs gav ut fire singlar. Same året nådde Simon 99. plass som Jerry Landis med «The Lone Teen Ranger».

I 1965 flytta Simon til England og spelte på viseklubbar og kafear her. Her møtte han mellom anna ei jente, Kathy Chitty, som han vart kjæraste med og som vart inspirasjon for «Kathy's Song», «America» og andre. I 1965 spelte han inn eit soloalbum, The Paul Simon Songbook i England. Samstundes skreiv han fleire songar i lag med Bruce Woodley frå den australske popgruppa The Seekers, mellom andre «I Wish You Could Be Here», «Cloudy» og «Red Rubber Ball». Den amerikanske gruppa The Cyrkle spelte inn «Red Rubber Ball», som nådde førsteplassen i USA.

Simon & Garfunkel[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Simon & Garfunkel.

Tidleg i 1964 spelte Simon & Garfunkel for Columbia Records, og Clive Davis vart nok imponert til at han gav dei ein kontrakt for eit album. Columbia bestemte at dei berre skulle kalle seg «Simon & Garfunkel», i staden for «Tom and Jerry». Simon hevda i 2003 at dette var første gong dei faktiske namna til nokon artist hadde vorte nytta i popmusikk.[9]

Det første albumet deira, Wednesday Morning, 3 A.M., kom ut i oktober 1964 og bestod av tolv songar, fem av dei av Simon. Albumet selde dårleg, men etter kvart byrja radiostasjonar på austkysten å motta ønske om å høyre ein av songane, Simon sin «The Sounds of Silence». Produsenten deira, Tom Wilson, la så til elektrisk gitar, bass og trommer på songen og gav denne versjonen ut som singelen. Singelen nådde etter kvart førsteplassen i USA.

Simon hadde reist til England i 1965 etter at Wednesday Morning, 3 A.M. først mislukkast, men han reiste attende til USA for å slå seg saman med Garfunkel att då «The Sounds of Silence» byrja å krype oppover listene. Dei spelte så inn albuma Sounds of Silence, Parsley, Sage, Rosemary and Thyme, Bookends og det særs populære Bridge over Troubled Water. Simon & Garfunkel medverka òg i stor grad til filmmusikken til Mike Nichols-filmen The Graduate i 1967 (med Dustin Hoffman og Anne Bancroft i rollene).

Etter at duoen vart oppløyst etter Bridge over Troubled Water i 1970, starta han solokarrieren sin, men spelte stundom i lag med Garfunkel. I 1981 spelte dei mellom anna ein kjend konsert i Central Park, etterfølgd av ein verdsturne og eit planlagt studioalbum som aldri vart nko av. Dette albumet vart til slutt gjeven ut av Simon, utan Garfunkel, som Hearts and Bones. I lag vart dei innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990.

Utover på 2000-talet har duoen fleire gonger halde turnear i lag.

1971–1976[endre | endre wikiteksten]

Etter at Simon & Garfunkel vart oppløyst i 1970, starta Simon å skrive for eit soloalbum. Paul Simon kom ut i januar 1972. Før dette hadde han eksperimentert med verdsmusikk, den Jamaica-inspirerte «Mother and Child Reunion», som vert rekna som eit av dei første døma på reggae av ein kvit musikar. Singelen vart ein hitt og nådde Topp 5 i både USA og Storbritannia. Albumet gjorde det òg særs bra og fekk særs god kritikk. Det nådde fjerde plassen i USA og gjekk til topps i Storbritannia og Japan. Ein annan singel frå albumet, «Me og Julio Down by the Schoolyard», nådde Topp 30 i USA.

Det neste prosjektet til Simon vert rekna som eit pop-folk-meisterverk, There Goes Rhymin' Simon, og kom ut i mai 1973. Det inneheld nokre av dei mest populære songane hans. Den første singelen «Kodachrome» nådde andreplassen i USA, og oppfølgjaren, den gospel-aktige «Loves Me Like a Rock», gjekk heilt til topps. Andre songar, som «American Tune» eller den melankolske «Something So Right» har vorte standardar i katalogen til Simon. Albumet fekk enn betre kritikk og selde meir enn debutalbumet. Det vart gjeve ut eit konsertalbum, Live Rhymin' i 1974, etter den påfølgjande turneen. Det selde moderat, og synte endringar i musikkstilen til Simon, der han helte mot verdsmusikk og religiøs musikk.

Still Crazy After All These Years var det neste albumet hans og kom ut i oktober 1975. Det var produsert av Simon og Phil Ramone og var ei ny musikalsk retning for Simon. Stemninga var mørkare, og songane var skrivne og spelt inn etter skilsmissa frå den første kona hans. Singelen «Gone at Last» var ein duett med Phoebe Snow, som kom ut før albumet. Her er òg songen «My Little Town», som vart spelt inn i lag med Garfunkel. Han vart gjeven ut som singel og nådde 9. plass i USA. Albumet gjekk heilt til topps i USA, det einaste albumet hans som har oppnådd dette. Simon vann Grammy-pris for «Årets album» med dette albumet, og han vann òg prisen for «beste popvokal». Den tredje singelen frå albumet, «50 Ways to Leave Your Lover» gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista.

1977–1985[endre | endre wikiteksten]

Etter tre suksessrike studioalbum, vart Simon mindre produktiv den andre halvparten av 70-talet. Han dreiv med forskjellige prosjekt, som å skrive musikk for filmen Shampoo og noko skodespel. Han spelte mellom anna Tony Lacey i Woody Allen-filmen Annie Hall. Han fekk nok ein hit med singelen «Slip Slidin' Away» frå samlealbumet Greatest Hits, Etc. i 1977. Singelen nådde femteplass i USA.

I 1980 gav han ut One Trick Pony, det første albumet hans på Warner Bros. Records og det første albumet på nesten fem år. Det kom samstundes med filmen med same namn, som Simom skreiv for og spelte i. Sjølv om det gav han den siste Topp 10-singelen hans i USA med «Late in the Evening», selde ikkje albumet så godt. Musikkmarknaden var no dominert av diskomusikk. Simon spelte inn Hearts and Bones, eit polert og bekjennande album som etter kvart vart rekna som eit av hans beste. Verken albumet eller den første singelen «Allergies» selde godt. I januar 1985 song Simon på singelen «We Are the World».

1986–1992[endre | endre wikiteksten]

Etter Hearts and Bones, følte Simon at han hadde mista inspirasjonen og han tvilte på at han nokon gong kom til å oppleve høge salstal igjen. Då han køyrte i bilen sin seint i 1984 høyrte han på ein kassett av the Boyoyo Boys-instrumentalen «Gumboots: Accordion Jive Volume II». Han vart interessert i den uvanlege stilen, og skreiv tekstar til fleire av songane, som han så spelte inn med song på. Dette var dei første songane til det som kom til å verte det kritikarroste albumet Graceland, ei blanding av musikkstilar som omfatta pop, a cappella, isicathamiya, rock og mbaqanga. Simon følte at han ikkje hadde noko å tape. Han reiste til Sør-Afrika i eit forsøk på å fange opp kulturen og finne eit komfortabelt miljø han skulle spele inn albumet i. Innspelinga starta i februar 1985 i Johannesburg. Seinare gjorde han fleire opptak i april 1986 i New York. Mange musikarar og grupper frå Sør-Afrika, mellom anna Ladysmith Black Mambazo. Simon samarbeidde òg med fleire artistar frå sin eigen kultur, mellom anna ein duett med Linda Ronstadt på «Under African Skies». Warner Bros. Records var i tvil om dei skulle gje ut albumet, men gav etter og gav det ut i august 1986, Graceland vart hylla av kritikarane og vart det mest suksessrike albumet til Simon. Det klatra sakte oppover listene over heile verda og nådde førsteplassen i mange land, mellom anna Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand. I USA nådde det 3. plassen, men i Noreg berre 13. plass. Albumet vart det nest mestseljande albumet i 1987 i USA, med fem millionar eksemplar. Etter kvart fekk det 5x platina. Med rundt sju millionar selde album elles i verda, vart det hans mestseljande album. Mykje av suksessen kom av første singelen, den livlege «You Can Call Me Al», med tekst om ein mann som opplever ei identitetskrise. Songen hadde mange minneverdige trekk, som eit fengande synthesizer-riff, ein fløytesolo og ein uvanleg bassolo. Musikkvideoen var eit humoristisk klipp med Chevy Chase, og Simon vart introdusert for eit nytt publikum via MTV. Singelen nådde Topp 5 i Storbritannia og Topp 25 i USA. Andre singlar som «The Boy in the Bubble» og «Diamonds on the Soles of Her Shoes», selde ikkje så godt, men vart mykje spelt på radio.

45 år gammal var Simon brått ei stor stjerne. Han vann Grammy-prisen for «Årets album» i 1987, samt prisen for «Årets singel» eit år seinare. Han la så ut på ein særs populær turne, Graceland Tour, som vart filma. Warner Bros. Records, som no òg hadde rettane til dei tidlegare Simon-albuma på Columbia, gav ut albumet Negotiations and Love Songs i november 1988. Det var ei blanding av dei største hittane hans og dei personlege favorittane til Simon frå heile karrieren hans. Albumet vart enno ein bestseljar.

Etter Graceland såg Simon mot brasilsk musikk med The Rhythm of the Saints. Innspelinga starta i desember 1989 og fann stad i Rio de Janeiro og New York, med gitarist J. J. Cale og mange brasilianske og afrikanske musikarar. Tonen på dette albumet var meir innanvent og meir roleg enn det meste av Graceland. Albumet kom ut i oktober 1990, og fekk særs god kritikk og respektable salstal. Det nådde fjerdeplassen i USA og gjekk heilt til topps i Storbritannia. Singelen «The Obvious Child» med Grupo Cultural Olodum, nådde Topp 20 i Storbritannia. Sjølv om det ikkje var like populært som Graceland, var The Rhythm of the Saints ein god oppfølgjar og synte at Simon framleis var villig til å utforske verdsmusikk. Han vart igjen nominert til ein Grammy-pris for Årets album.

Etter suksessen med desse to albuma sette Simon opp ein ny konsert i New York, ti år etter den populære konserten med Garfunkel i Central Park. Med band frå både Afrika og Sør-Amerika overgjekk konserten alle forventingar. 750 000 menneske skal ha møtt opp på konserten, som skal vere ein av dei største gjennom tidene. Konserten vart gjeven ut på eit konsertalbum og ein TV-dokumentar, som han vann Emmy-pris for. 4. mars 1992 spelte Simon på MTV Unplugged, med akustiske utgåver av mange av dei mest kjende songane sine. Sjølv om showet vart ein suksess vart det ikkje gjeve ut på album.

1993–98[endre | endre wikiteksten]

Etter Unplugged dalte populariteten til Simon. Simon & Garfunkel vart gjenforeint i 1993 og Columbia gav ut Paul Simon 1964/1993 i september, ei samling på tre plater, som seinare vart redusert til dobbeltalbumet The Paul Simon Anthology ein månad seinare. I 1995 spelte han songen «Ten Years» på The Oprah Winfrey Show. Songen var komponert for tiårsjubileumet til showet. Same året song han òg på Annie Lennox sin versjon av songen hans «Something So Right». Singelen nådde så vidt Topp 50 i Storbritannia.

Sidan tidleg i 90-åra var Simon involvert i The Capeman, ein musikal som hadde premiere i januar 1998. Musikalen fekk dårleg kritikk og gjekk dårleg. Det vart til slutt stoppa i mars same år, etter berre 68 framsyningar. Albumet som følgde fekk særs blanda kritikk.

1999-2007[endre | endre wikiteksten]

Etter det mislukka The Capeman gav Simon utover 2000-talet ut respektable album. I 1999 la han ut på ein turne i Nord-Amerika i lag med Bob Dylan, der dei spelte både kvar for seg og i lag. Albumet You're the One kom ut i oktober 2000. Albumet bestod av folk-pop songar, kombinert med verdsmusikk, særleg rytmar frå Nord-Afrika. Det selde ikkje like godt som dei tidlegare album ahans, men nådde Topp 20 i både USA og Storbritannia. Det fekk òg ganske gode kritikkar og vart nominert som Årets album i USA. Han turnerte mykje etter albumet og ein konsert frå Paris vart gjeven ut på video.

21. september 2001 song Simon Bridge Over Troubled Water på «America: A Tribute to Heroes», ei TV-sending etter terroråtaket 11. september 2001. I 2002 spelte han inn songen «Father and Daughter», tema songen for animasjonsfilmen The Wild Thornberrys Movie. Songen vart nominert til Oscar-prisen for «beste song». I 2003 vart han igjen gjenforeint med Simon & Garfunkel. Seinare same året vart alle studioalbuma til Simon gjeve ut på nytt og i lag i ein CD-boks kalla Paul Simon: The Studio Recordings 1972-2000.

Samstundes arbeidde Simon på eit nytt album i lag med Brian Eno kalla Surprise, som kom ut i mai 2006. Det meste av albumet var inspirert av 11. september-åtaket og Irakkrigen. Personleg var Simon òg inspirert at han hadde vorte over 60 år. Surprise selde godt og nådde 14. plass i USA og 4. plass i Storbritannia. Albumet vart rekna som eit verkeleg «comeback» av kritikarane som gav det god kritikk.

1. mars 2007 vart Simon den første som fekk den nyskapte Gershwin-prisen for popsongar. Prisen var skapt av Library of Congress og gjeven til Simon under ein konsertgala med musikken hans i Warner Theatre i Washington, D.C.[10] Av artistar som spelte på konserten finn ein Shawn Colvin, Philip Glass, Alison Krauss, Jerry Douglas, Ladysmith Black Mambazo, Lyle Lovett, James Taylor og Stevie Wonder, samt Art Garfunkel.[11] 26. juni 2007 gav Warner Bros. ut samlinga The Essential Paul Simon, ei dobbelplate med 36 songar frå dei ti studioalbuma hans. Albumet selde godt og nådde 12. plass i Storbritannia.

2008-2011[endre | endre wikiteksten]

Simon spelar i Tyskland i 2008.

I februar 2009 spelte Simon fleire konsertar i Beacon Theater i New York, som nyleg hadde vorte renovert. Med seg hadde han Art Garfunkel på dei første kosnertane. I mai 2009 turnerte han og Garfunkel i Australia, New Zealand og Japan, og oktober same året spelte dei i lag på 25-årsjubileumet for Rock & Roll Hall of Fame i Madison Square Garden i New York City.

Eit nytt album, So Beatiful or So What med Paul Simon, påverka av bluesgrass, er venta å kome tidleg i 2011.[12]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

utan Simon & Garfunkel-album

Sjå òg diskografien til Simon & Garfunkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bronson p. 428
  2. «Episodes: Paul Simon». American Masters. Public Broadcasting Service. http://www.pbs.org/wnet/americanmasters/episodes/paul-simon/about-paul-simon/705/. Henta 3. november 2010. 
  3. Holden, Stephen (14. oktober 1990). «Paul Simon's Journey To Brazil og Beyond». New York Times. http://www.nytimes.com/1990/10/14/arts/pop-paul-simon-s-journey-to-brazil-and-beyond.html. Henta 3. november 2010. 
  4. Ruhlmann, William. «Paul Simon: Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/paul-simon-p5433. Henta 3. november 2010. 
  5. «Grammy Award Winners». Grammy.com. http://www.grammy.com/GRAMMY_Awards/Winners/Results.aspx. Henta 3. november 2010. 
  6. «Biography og Timeline: Paul Simon». Inductees. Rock & Roll Hall of Fame. http://www.rockhall.com/inductee/paul-simon. 
  7. Tryangiel (30. april 2006). "Paul Simon". Time.
  8. Old Friends: Live on Stage live concert DVD og CD.
  9. Paul Simon, då han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, Cleveland, 2003.
  10. Public Affairs Office (2007-07-02). «Paul Simon To Be Awarded First Annual Gershwin Prize for Popular Song by Library of Congress». Library of Congress. http://www.loc.gov/today/pr/2007/07-010.html. Henta 3. november 2010. 
  11. Public Affairs Office (2007-04-23). «Star-Studded Lineup Confirmed for Library of Congress Concert Honoring Gershwin Prize Recipient Paul Simon». Library of Congress. http://www.loc.gov/today/pr/2007/07-085.html. Henta 3. november 2010. 
  12. http://www.thebluegrassblog.com/quicksilver-on-wfdu-and-with-paul-simon/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paul Simon