Quodlibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Førsteutgaven av Quodlibet i J.S. Bach sine Goldbergvariasjonar

Quodlibet (frå latin quod libet, 'som ein liker') er ein musikalsk satstype der ein framfører fleire melodiar som opphavleg ikkje høyrer saman samtidig i kvar si stemme. Quodlibet er dermed ei form for polyfon sats og fritt kontrapunkt.

Fleire motettar frå 1200-talet syner quodlibet-liknande teknikkar. Handskriftet Codex Montpellier frå 1300-talet inneheld fleire quodlibet-liknande verk med kombinasjonar av ulike eksisterande melodiar. Den første fleirstemmige vokalkomposisjonen der det bevisst er brukt usamanhengjande tekst- og melodibrotstykke for å oppnå ein uhøgtideleg verknad er «Guter, selzamer, und künstlicher teutscher Gesang, sonderlich ettliche künstliche Quodlibet» frå 1544.[1]

I renessansen og barokken var quodlibet ei populær underholdningsform. Det er kjent at medlemmar av familien Bach hadde for vane å improvisera quodlibetar når familien kom saman.

I Frankrike utvikla det seg ei sjølvstendig form for quodlibet under renessansen som blei kalla fricassée, og i Spania ei tilsvarande form med namnet ensalada.

Døme[endre | endre wikiteksten]

  • Den trettande variasjonen i J.S. Bach sine Goldbergvariasjonar
  • J.S. Bach skreiv eit stykke til ei bryllupsfeiring som gjerne berre blir kalla Quodlibet, sjølv om det ikkje er ein quodlibet i eigentleg forstand, men ei rekkje musikalske vitsar, ordspel, obskure kulturelle referansar og parodiar på andre songar.
  • Gallimathias musicum, ein quodlibet med 17 stemmer som Wolfgang Amadeus Mozart skreiv då han var ti år gammal.
  • Nokre av messene til Jacob Obrecht inneheld kombinasjonar av ulike kjende melodiar og originalskrive materiale.
  • Tre quodlibetar over O rosa bella av John Dunstaple er bevarte i Glogauer Liederbuch. Dunstaple har teke vare på den originale cantus og flettar inn byrjinga av ulike tyske folkesongar i tenoren. I den første quodlibeten siterer han heile 22 kjærleikssongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dolores Pesce: Beyond Glossing: The Old Made New in Mout me fu grief/Robin m'aime/Portare. I Dolores Pesce (red.): Hearing the Motet: Essays on the Motet of the Middle Ages and Renaissance. Stanford 1997, s. 28–51.