Röksteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Röksteinen

Röksteinen, eller Ög 136 i det svenske registeret over runeinnskrifter i Sverige, er ein av dei mest vidgjetne runesteinane i Norden. Steinen, som står attmed Rök kyrkje i Ödeshögs kommun i Östergötland i Sverige, er dekt på alle sider av ei runeinnskrift på til saman 760 runeteikn, som er rekna for å vere den lengste i verda. Steinen er tidfest til fyrste halvparten av 800-talet.

Runesteksten[endre | endre wikiteksten]

Teksten på steinen er ordna i rader som ifylgje opplysningane frå Riksantikvarieämbetet skal lesast i den rekkjefylgja som tala på denne teikninga syner.

Alle sidene på Röksteinen er så godt som heilt dekte av runer, som for det meste er såkalla kortkvistruner. Dei er så fint uthogde at ein må rekne med at det er ein spesialist som har stått for arbeidet. Runene er framleis tydelege, men somme parti i teksten er vorte øydelagt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.