Östergötland
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |



Östergötland er eit landskap i Götaland i austre Sverige. Östergötland grensar til Småland i sør, Västergötland i vest gjennom Vättern, Närke og Södermanland i nord, og mot Austersjøen i aust. Det tradisjonelle landskapet motsvarar til største del Östergötlands län. I landskapet finst 50 000 kjende fornfunn. Gjennom Östergötland renn både Motala ström og Göta Kanal.
Totalt bur 418 480 menneske i Östergötland, noko som gjer landskapet til Sveriges sjette folkerikaste. Folketettleiken er 41,3 inb/km². Flatevidda til landskapet er 9 979 km², Sveriges fjortande største.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Östergötland var i mellomalderen ei av Sveriges tre sentralbygder, og eit sentrum for to kongeætter, den sverkerske ætta og folkungaætta, som kjempa om makta.
Östergötland var også plassen for slaget ved Stångebro, og det etterfølgjande Linköpings blodbad.
Større byar[endre | endre wikiteksten]
|
Herad[endre | endre wikiteksten]
Dei siste restane av herada vart avskaffa i 1971.
|
|
Kjende östgötar[endre | endre wikiteksten]
- Olaus Magnus (1490 - 1557)
- Anders Ljungstedt (1759 - 1835)
- Baltzar von Platen (1766-1829)
- Jöns Jacob Berzelius (1779 - 1848)
- Moa Martinsson (1890 - 1964)
- Tage Danielsson (1928 - 1985)
- Pernilla Wiberg (1970 - )
- Lars Winnerbäck (1975 - )