Rødvenfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rødvenfjorden ein kveld i april. Sett frå Sølsnes.
Rødvenfjorden, med Eidsbygda, sett frå nord.

Rødvenfjorden er ein fjordarm av Langfjorden i Romsdal og Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til Hamrevågen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Ottestad i sørvest og Åfarnes i nordaust. Rødven stavkyrkje ligg på vestsida av fjorden like sør for Ottestad. Inst i fjorden deler han seg i to. Frisvollbukta går på vestsida av Mjørneset til Eidsbygda, medan Hamrevågen går på austsida. Fylkesveg 181 kryssar Hamrevågen via den 20 meter lange Straumsbrua. På austsida møter fylkesvegen riksveg 64 som går langs heile austsida av fjorden. Fylkesveg 182 går på vestsida av fjorden frå Eidsbygda og nordover.