Rønnaug Eliassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rønnaug Eliassen (24. oktober 191119. januar 2014) var ein norsk advokat kjent for engasjementet sitt i norsk kvinnekamp. Eliassen vaks opp i eit borgerleg, intellektuelt miljø i Oslo og tok juridisk embetseksamen så tidleg som i 1937.[1] Etter krigen var ho ei tid domarfullmektig i Midthordland, men blei etter kvart privatpraktiserande advokat med rettar av kvinner som spesialfelt.

Eliassen engasjerte seg i Sosialistisk Folkeparti og var blant mykje annet medlem i Porsgrunn bystyre, Norsk kvinneforbund og Internasjonal kvinneliga for fred og frihet.[1] Ho stod bak omsetjing av Simone de Beauvoirs Det annet kjønn i 1970. Ho var med i redaksjonsrådet til tidsskriftet Kvinnen og Tiden.[2]

Eliassen var dotter av arkitekten Georg Eliassen, bror av meteorologen Arnt Eliassen og mor til Jorun Solheim. Ho døydde i januar 2014, 102 år gamal.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Torill Skard: «Protesterte klart og kvast», i Klassekampen 24. oktober 2011.
  2. 2,0 2,1 Aurora Hannisdal (23. januar 2014). «To legender er borte». Ny tid. Arkivert frå originalen 2014-02-22. Henta 4. februar 2014.  Både |archive-date= og |arkivdato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkivurl= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)