Røykstove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finsk/svensk røykstove med røykomn.

Røykstove er ein type bustadhus der røyken frå eldstaden går rett ut i rommet og gjennom ei opning i taket. Eldstaden er enten ein open åre oftast plassert midt på golvet, eller ein røykomn plassert i eit hjørne av rommet. Frå begge desse typane eldstad går røyken ut i rommet, legg seg under taket og går ut i friluft gjennom ei opning i taket kalla ljore.[1] Før røykomnen og skorstein vart vanleg, var hus med åre det normale i Noreg og vart berre kalla stove. Etter at stovene kom på museum blir denne typen kalla «årestove». Ulikt åren er røykomnen ein nesten lukka eldstad, vanlegvis oppmura av stein og leir. Steinmassene gjev god magasinering av varmen, men samstundes mindre lys. Hus med røykomn blir kalla «røykomnstove» eller berre røykstove.[2]

Ordet «stove» (stogo, stugu, stue) blir i denne samanheng brukt mest om det vi i dag kallar våningshus eller bustadhus, ikkje berre eitt bestemt rom i bustaden.[3] Etter at skorstein eller peis vart vanleg i bustadhus hadde mange gardar framleis eit eige eldhus bygd som røykstove.

Røykomnen avløyste åren i vikingtid eller mellomalder, i følgje Lorentz Dietrichson skjedde dette særleg i Olaf Kyrres tid og gjennom kontakt med normannarane som herska i England.[4] Overgangen frå røykomn til eldstad med skorstein er bygningshistorisk ein av dei viktigaste her i landet. Første gong skorsteinsinnretning er nemnt i Noreg, er for Erkebispegården kring 1428, men det kan òg ha vore skorstein i Håkonshallen frå 1250.[4] I store delar av landet vart peis eller grue teken i bruk på 1600-1700-talet, bygg med skorstein fekk gjerne namnet «peisstove» etter eldstaden. Unnatak er særleg Vestlandet der ein held på røykomnen og i større grad gjekk direkte over til jarnomn då denne kom på 1800-talet. Innføring av skorstein gav reinare lufte innomhus og det gjorde det mogleg å legge himling, innreie loft og byggje i fleire etasjar.[5] Då ljoren forsvann var det også plass til ein solid lansgåande bjelke under mønet, ein mønsås, slik at «åstaket» kunne erstatte sperretaket.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vestlandets historie, band 2 (Samfunn). Bergen: Vigmostad & Bjørke, 2006.
  2. Riksantikvaren om røykstove (publisert 10. mars 2010), lese på nett 4. april 2013.
  3. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  4. 4,0 4,1 4,2 Dietrichson, Lorentz (1906): Vore Fædres Verk: Norges Kunst i Middelalderen - en populær Fremstilling. Kristiania: Gyldendal
  5. Sunnfjord museum: byggeskikk lese på nett 4. april 2013.