Rab Noakes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rab Noakes
Rabnoakes.pk (1).jpg
Rab Noakes i Glasgow
Fødd13. mai 1947 (72 år)
FødestadSt Andrews i Skottland
FødenamnRobert Noakes
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerFolk, country
Instrumentvokal, gitar, klaverinstrument
Tilknytte artistarGerry Rafferty
PlateselskapNeon Media production
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, plateprodusent

Rab Noakes (fødd 13. mai 1947 som Robert Noakes) er ein skotsk songar-låtskrivar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han har spelt med Lindisfarne, som spelte songen hans «Turn a Deaf Ear» på debutalbumet deira, Nicely Out of Tune, og «Together Forever» på det andre albumet, Fog on the Tyne. Barbara Dickson spelte òg inn «Turn a Deaf Ear» på albumet hennar Do Right Woman, der Noakes òg spelte.

Noakes song korvokal og spelte gitar på det debutalbumet til Gerry Rafferty, Can I Have My Money Back, og var eit tidleg medlem i Stealers Wheel, men slutta i bandet før dei spelte inn det første albumet sitt.[1]

Den mest kjende innspelinga til Noakes var «Branch», som vart gjeven ut som singel sommaren 1974 frå albumet hans, Red Pump Special. Songen vart mykje spelt på BBC Radio 1, men selde heller dårleg.

Albuma Restless (1978), Rab Noakes (1980) og Under the Rain (1984) følgde, men så tok det ti år før Standing Up kom ut i 1994.[1] Noakes turnerte så med the Varaflames, i lag med Pick Withers, Rod Clements og munnspelspelaren Fraser Speirs.

Noakes vart produsent for musikkprogram på BBC Radio Scotland. Han slutta der for å skipe produksjonsselskapet Neon.[1] I november 2007 gav han ut albumet Unlimited Mileage, igjen med the Varaflames.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Dato Artist Selskap Kat. # Namn
1970 Rab Noakes Decca SKL 5061 Do You See The Lights?
1972 Rab Noakes A&M AMLS 68119 Rab Noakes
1974 Rab Noakes Warner Brothers BS 2777 Red Pump Special
1975 Rab Noakes Warner Brothers K56114 Never Too Late
1978 Rab Noakes Ring O'Records 2339 201 Restless
1980 Rab Noakes MCA MCAC 3251 Rab Noakes
1984 Rab Noakes Black Crow (CD)CRO 207 Under The Rain
1988 Black Crow (CD)CRO 217 Woody Lives!
1995 Rab Noakes Mediart Music MDMCD 003 Standing Up
2000 The Varaflames Neon NEONCD001 Throwing Shapes
2001 Rab Noakes With Fraser Speirs Neon NEONCD002 Lights Back On
2002 Rab Noakes Neon NEONCD004 Demos And Rarities Volume 1
2004 Rab Noakes River Records RIVERCD003 The River Sessions
2004 The Varaflames River Records RIVERCD042 Throwing Shapes
2013 Rab Noakes Neon NEONCD014 Demos And Rarities Volume 2 Adventures with Gerry Rafferty

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Harris, Craig. «Rab Noakes». Allmusic. Henta 10. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]