Gerry Rafferty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerry Rafferty
Gerry Rafferty.jpg
Rafferty på National Stadium i Dublin den 6. september 1980.
Fødd16. april 1947(1947-04-16)
FødestadPaisley i Renfrewshire i Skottland
Død4. januar 2011 (63 år)
DødsstadStroud i Gloucestershire i England
FødenamnGerald Rafferty
OpphavStorbritannia
Aktiv1966–2000,
2009–2010
SjangerRock, pop, folkrock, softrock, bluesrock
InstrumentVokal, gitar, elektrisk gitar, piano, saksofon, bassgitar
Tilknytte artistarThe Humblebums
Stealers Wheel
Joe Egan
PlateselskapTransatlantic Records
United Artists Records
Liberty Records
London Records
Avalanche Records
Hypertension
Verka somMusikar, songar, låtskrivar, plateprodusent

Gerald «Gerry» Rafferty (16. april 19474. januar 2011) var ein skotsk songar-låtskrivar, mest kjend for hittane «Baker Street», «Right Down the Line» og «Night Owl», i tillegg til «Stuck in the Middle with You» spelt inn med bandet Stealers Wheel.

Rafferty vart fødd i ein arbeidarklassefamilie i Paisley i Renfrewshire i Skottland. Mora lærte han både irske og skotske folkeviser som gut. Seinare vart han inspirert av The Beatles og Bob Dylan. Han vart med i folkpopgruppa The Humblebums i 1969. Etter dei vart oppløyst i 1971, spelte han inn det første soloalbumet, Can I Have My Money Back? og Rafferty og Joe Egan danna gruppa Stealers Wheel i 1972. Dei spelte inn fleire hittar, mellom andre «Stuck in the Middle with You» og «Star». I 1978 spelte han inn det andre soloalbumet sitt, City to City, med hitten «Baker Street», som er den mest populære songen hans.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Foxbar i Paisley i Renfrewshire, der Rafferty voks opp.

Rafferty vart fødd 16. april 1947 i ein arbeidarklassefamilie i Underwood Lane i Paisley,[1] ein son og barnebarn av kolgruvearbeidarar.[2] Han var son av Mary Skeffington og Joseph Rafferty;[3] og hadde to brør, Jim og Joe.[4]

Rafferty voks opp i ein kommunal bustad i Foxbar og gjekk på St Mirin's Academy.[4] Den irskfødde faren var ein valdeleg alkoholikar, gruvearbeidar og lastebilsjåfør som døydde i 1963, då Rafferty var 16.[3] Han lærte både irske og skotske folkeviser som gut: «Far min var irsk, så då eg voks opp i Paisley høyrte eg alle desse songane då eg var to-tre år gammal. Songar som «She Moved Through the Fair», som mor mi syng vakker. Og mange tradisjonelle irske og skotske songar».[5][6] Han var kraftig inspirert av folkemusikk og musikken til the Beatles og Bob Dylan, då den unge Rafferty starta å skrive sine eigne songar.[4]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Rafferty forlét St. Mirin's Academy i 1963. Han arbeidde hos ein slaktar, som kontorassistent, og i ein skobutikk, men som han seinare sa i intervju: «Men det var aldri noko anna for meg enn musikk. Eg hadde aldri planar om å gjere karriere i dei jobbane eg hadde.»[7] I helgene spelte han og skulekameraten og det framtidige Stealers Wheel-medlemmet Joe Egan i den lokale gruppa The Mavericks, og spelte hovudsakleg songar av grupper som The Beatles og The Rolling Stones.[8] I midten av 1960-åra tente Rafferty pengar ei stund som gatemusikant i London Underground. I 1966 vart Rafferty og Egan medlemmar i bandet The Fifth Column. Gruppa gav ut singelen «Benjamin Day»/«There's Nobody Here» (Columbia 8068), men denne selde dårleg.

The Humblebums/Stealers Wheel[endre | endre wikiteksten]

I 1969 vart Rafferty det tredje medlemmet i folkpopbandet The Humblebums som bestod av den framtidige komikaren Billy Connolly og Tam Harvey. Harvey slutta kort tid etter, og Rafferty og Connolly heldt fram som ein duo, og gav ut to album for Transatlantic Records. Ein konsert i 1970 i Royal Festival Hall, for Fotheringay og Nick Drake, gav dei positiv kritikk frå Karl Dallas, som skreiv at alle tre synte «talent heller enn innfrielse», og skreiv at «Gerry Rafferty sine songar har den søte sårheita som Paul McCartney hadde i 'Yesterday'-stemninga si».[9] I sine eigne stand-up-show har Connolly ofte fortalt om denne perioden.

Sjølv om Rafferty og Connolly gjekk kvar sin veg i 1971, vart dei verande nære vener fram til Rafferty døydde i 2011.

Etter at dei to valte å gå kvar sin veg i 1971, signerte eigaren av Transatlantic, Nathan Joseph, kontrakt med Rafferty som soloartist, og Rafferty spelte inn det første soloalbumet sitt, Can I Have My Money Back?, med Hugh Murphy, ein ung produsent som arbeidde for selskapet.[10] Albumet fekk god kritikk, men selde heller dårleg. I følgje dottera til Rafferty, Martha, var det på denne tida at faren ved ein tilfeldigheit oppdaga Colin Wilson-boka The Outsider, om framandgjering og kreativitet, som vart ei stor inspirasjonskjelde for både låtane hans og synet hans på verda: «Ideane og referansane i den boka inspirerte han resten av livet».[11] Rafferty sjølv har seinare sagt at framandgjering var eit «vedvarande tema» i songane sine;[2][12] «To Each and Everyone» frå Can I Have My Money Back?, var eit tidleg døme.

Rafferty with Stealers Wheel in 1973

I 1972, etter å ha blitt lite spelt på radio, slo Rafferty seg saman med Egan og danna Stealers Wheel og spelte inn tre album med dei legendariske amerikanske låtskrivarane og produsentane Leiber & Stoller. Gruppa var plaga av rettslege stridar, men fekk ein stor hit med «Stuck in the Middle With You». Tjue år seinare vart songen nytta i filmen Reservoir Dogs i 1992, sjølv om Rafferty ikkje gav løyve til at han kunne gjevast ut på ny.[13] Stealers Wheel produserte òg dei mindre hittane «Everything'll Turn Out Fine», etterfølgd av «Star», og det var ytterlegare indikasjonar på den aukande framandgjeringa til Rafferty på songar som «Outside Looking In» og «Who Cares». Duoen vart oppløyst i 1975.[14]

City to City/Night Owl[endre | endre wikiteksten]

Eit gateskilt frå Baker Street i sentrum av London, inspirasjonen til den kjende songen av Rafferty.

På grunn av ein rettsstrid etter at Stealers Wheel vart oppløyst, kunne ikkje Rafferty gje ut eigne songar.[14] Då striden var løyst i 1978, spelte han inn det andre soloalbumet sitt, City to City, med produsenten Hugh Murphy, som inneheldt songen som han er mest identifisert med, «Baker Street». I følgje Murphy, som art intervjua av Billboard i 1993, måtte han og Rafferty bønfalle United Artists om å gje ut «Baker Street» som singel: «Dei sa faktisk at han var for god for publikum.»[10] Singelen nådde tredjeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA.[15] Albumet selde over 5,5 millionar eksemplar, og slo filmmusikken til Saturday Night Fever ned frå toppen av albumlista i USA den 8. juli 1978.[16] Rafferty rekna dette som den første smaken av suksess, som han sa i Melody Maker det følgjande året: «...alle platene eg har gjrot før dette har vore floppar. Stealers Wheel var ein flopp. 'Can I Have My Money Back?' var ein flopp. The Humblebums var ein flopp... Livet mitt står ikkje eller fell med talet på folk som kjøper platene mine.»[17]

«Baker Street» hadde ein markant saksofonsolo spelt av Raphael Ravenscroft, sjølv om opphavet til soloen har vore omstridd.[17][18][19] Som songaren fortalte i eit intervju i 1988 med Colin Irwin: «Då eg skreiv songen såg eg den biten som eit instrumentalt parti, men eg visste ikkje kva instrument. Me prøvde elektrisk gitar, men det vart for svakt, og me prøvde andre ting, og eg trur det var Hugh Murphy som foreslo saksofon.»[5]

I eit intervju i 2006 med The Times hugsar Ravenscroft episoden annleis, og hevda han vart presentert ein song med «fleire gap». «Om du spør meg: 'Gav Gerry meg eit stykke musikk eg skulle spele?' så nei, det gjorde han ikkje. Faktisk, det meste av det eg spelte var eit gammalt bluesriff.»[20][21] Ravenscroft, ein studiomusikar, var i studio for å spele inn ein kort sopransaksofon og foreslo å spele inn den kjende soloen med altsaksofonen han hadde liggande i bilen.

Hugh Murphy produserte sju av soloalbuma til Rafferty.

I intervju med Colin Irwin sa Rafferty at det ikkje var slik og at Ravenscroft hadde vore andrevalet hans som saksofonist, etter Pete Zorn, som ikkje kunne på det tidspunktet: «Den einaste forvirrande på den tida, som eg ikkje likte noko særleg var at mange trudde at den linja var skriven av Raphael Ravenscroft, saksofonisten, men det var mi linje. Eg song linja til han.»[5] Då ein remastra versjona v City to City kom ut i 2011, inneheldt det den originale versjonen av songen med elektrisk gitar, og stadfesta at det var Rafferty som skreiv linja. I plateomslagsteksten skreiv den langvarige venen til Rafferty, Rab Noakes: «La os shåpe at [Baker Street-demoen] endeleg vil avslutte dei som meiner det var saksofonisten som skreiv melodilinja. Han gjorde ikkje det. Han berre spelte det personen som skreiv songen bad han om, Gerry Rafferty.»[19] Michael Gray, den tidlegare manageren til Rafferty, var samd: «Beviset er der frå demonane, at det var Rafferty sjølv som skreiv riffet og plasserte det akkurat der det enda opp i den endelege versjonen av songen.»[22] Ravenscroft spelte òg på dei to neste albuma til Rafferty.

«Baker Street» har vore spelt mykje på softrock-radio[23] og i oktober 2010 hadde han i følgje BMI vorte spelt fem millionar gonger verda over. «Stuck in the Middle With You» hadde då blitt spelt fire millionar gonger, og «Right Down the Line» over tre millionar gonger.[24] I eit intervju i 2003 med The Sun (Scotland), sa Rafferty kor lønsam den største songen hans var: «Baker Street gjev meg framleis kring £80 000 i året. Eg må innrømme at eg kunne ha levd av den songen aleine».[3][4] Rafferty skal visstnok ha hata dance-versjonen frå 1990-åra av «Baker Street» av Undercover, sjølv om det gav han ytterlegare £1,5 millionar i platesal frå Europa og Amerika. Han let aldri «Baker Street» bli nytta i reklamar, trass i lukrative tilbod.[25]

«Right Down the Line» var den andre singelen frå City to City. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100-lista og førsteplassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista i USA. Han låg på toppen av adult contemporary-lista i fire veker på rad. Den tredje singelen frå albumet, «Home and Dry», nådde 28. plassen på singellista i USA tidleg i 1979.[26]

Det neste albumet hans, Night Owl, gjorde det òg bra. Gitaristen Richard Thompson spelte på songen «Take The Money and Run», og tittelsporet gjekk til femteplassen i Storbritannia i 1979.«Days Gone Down» nådde 17. plassen i USA. Oppfølgjaren «Get It Right Next Time» nådde topp 40 i både Storbritannia og USA.

Snakes and Ladders/Sleepwalking/North And South[endre | endre wikiteksten]

Fleire av soloalbuma til Gerry Rafferty, mellom anna City to City og Night Owl og delar av Snakes and Ladders og Sleepwalking, vart spelt inn i Chipping Norton Recording Studios.[27]

Påfølgjande album, som Snakes and Ladders (1980), Sleepwalking (1982) og North and South (1988), gjorde det mindre bra, kanskje fordi Rafferty var ukomfortabel med å halde konsertar og gjorde dette sjeldan.[17]

Raffert nytta nye metodar på albumet Sleepwalking frå 1982. Christopher Neil erstatta Hugh Murphy, den vanlege produsenten til Rafferty, og introduserte synthesiserar og trommemaskinar, for å gje albumet ein hardare, og mindre akustisk stil. Han gjekk dermed bort frå dei rike detaljerte arrangementa på dei tre førre studioalbuma til Rafferty. I følgje Murphy, som vart intervjua ti år seinare: «Gerry hadde laga tre album på rappen og eg trur han var ganske trøytt på den tida og kjende presset og berre tenkte, 'vel, eg prøver noko nytt,' som er forståeleg».[10] I staden for eit måleri med handskriven tekst av John Patrick Byrne, som hadde illustrert dei tidlegare Rafferty- og Stealers Wheel-album, hadde Sleepwalking eit enkelt, naken fotografi av ein aude veg mot horisonten. Det var òg ei endring i songane. Dei djupe, innanvendte tekstane på Sleepwalking indikerer at Rafferty ikkje meinte suksessen var særleg glamorøs. Songar som «Standing at the Gates», «Change of Heart» og «The Right Moment» handlar om å vere utsliten, utbrend og desperat søkje ei ny retning.[28] I 1983 annonsert Rafferty at han ønskte å ta ein pause og vere meir med familien: «Det gjekk opp for meg at sidan Baker Street hadde eg turnert verda rundt, reist overalt og sett ingenting. Uansett kva eg gjer i framtida, skjer det i mitt eige tempo, slik eg vil det.»[29]

I busetanden sin, Tye Farm i Hartfield, nær grensa mellom Kent og Sussex, sette Rafferty opp elektriske portar for å verne om privatlivet, bygde eit platestudio, og arbeidde stort sett for seg sjølv[30] eller med Hugh Murphy.[5][10][31] Det tok seks år før han gav ut det neste albumet sitt, North and South. I eit intervju i 1988 med Colin Irwin, for å marknadsføre albumet, nemnte Rafferty at han var interessert i å gjere meir produksjonsarbeid, filmmusikk og hinta om ideen om å skrive ein musikal om livet til Robert Louis Stevenson.[5] Albumet fekk blanda kritikk. The Times-skribenten David Sinclair var nådelaus: «På North and South høyres det ut som om han har fått haik langs vegen til ein etterlikning av ein Texas-bar ein stad i Skottland.»[32]

Rafferty samarbeidde med fleire andre artistar på denne tida. I 1980 produsete han og Murphy ei plate for Richard and Linda Thompson. Denne vart aldri gjeven ut, men utvikla seg etter kvart til albumet Shoot Out the Lights.[5] Det var òg i denne perioden at Rafferty skreiv Mark Knopfler-songen «The Way It Always Starts» (1983) op filmmusikken til filmen Local Hero, og produserte den første hitten til The Proclaimers, «Letter from America» i 1987 med Hugh Murphy.[33] Tidleg i 1990-åra, spelte Rafferty ein coverversjon av Bob Dylan-songen «The Times They Are a-Changin'» med Barbara Dickson, som hadde sunge korvokal på både City to City og Night Owl. Songen finst på Dickson-albuma Don't Think Twice It's All Right (1992) og The Barbara Dickson Collection (2006).[34]

On a Wing and a Prayer/Over My Head[endre | endre wikiteksten]

Rafferty gav ut to album til i 1990-åra. På On a Wing and a Prayer (1992) spelte han med Stealers Wheel-partneren Egan på fleire songar. Det inneheld tre songar skriven i lag med broren Jim, som hadde hatt kontrakt med Decca Records i 1970-åra. Rafferty spelte inn ei ny versjon av Humblebums-songen «Her Father Didn't Like Me Anyway» på album Over My Head (1994). Dette var dei siste to albuma Rafferty spelte inn med produsenten Hugh Murphy, som døydde i 1998. I følgje gitaristen Hugh Burns, var dødsfallet til Murphy «eit stort slag for Gerry»[35] og markerte slutten på samarbeidet som varte nesten 30 år.

Another World/Life Goes On[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1990-åra gjorde ny teknologi at Rafferty kunne distansere seg sjølv ennom meir frå musikkindustrien og arbeide på egne vilkår. Han var no basert i London og fekk lydteknikaren Giles Twigg til å setje saman eit mobilt studio frå Digidesign og med hjelp av Twigg spelte han inn albumet Another World i London, Skottland, Barbados, Frankrike og Italia, i lag med Hugh Burns, Mark Knopfler, Kenny Craddock og Mo Foster.[36][37] Gjennom selskapet sitt Icon Music, gav Rafferty ut albumet sitt sjølvstendig på nettstaden sin (www.gerryrafferty.com).

Another World kom i 2000 og var berre tilgjeneleg gjennom nettstaden hans,[38] men sidan 2003 har det vore til sals på Hypertension. Another World, vart spelt inn med Mark Knopfler og Egan. Another World markerte ei ny retning for songaren. Som han forklarte i pressemeldinga då albumet kom: «Hjartet og sjela mi har gått inn i dette albumet, og ved å gje det ut på denne måten har ikkje den kreative inspirasjonen min vorte utvatna på noko måte.»[39] På grunn av Internett såg det ut til at Rafferty ikkje lengder trong musikkindustrien. Teknologien gjorde at han kunne gje ut musikk direkte på eiga hand. Rafferty følte han hadde modna som artist, og sa til Evening Standard: «No har eg ikkje lyst til å snakke med 23 år gamle platesjefar som berre ønsker å selje plater til 19-åringar. Eg er eldre og publikummet mitt er eldre. Dei veit kvar dei finn meg.»[40]

I 2009 gav Rafferty ut Life Goes On, igjen på Hypertension. Albumet bestod av ei blanding nye innspelingar, julesongar og tradisjonelle songar som tidlegare hadde vore tilgjeneleg på nettsida hans.[41]

Død[endre | endre wikiteksten]

I november 2010 vart Rafferty lagt inn på sjukshus der han vart halde i live med hjarte-lungemaskin med han fekk behandling for organsvikt etter langvarig alkoholmisbruk. Etter han vart avkopla hjarte-lungemaskinen såg det ut til at han ville klare seg.[42] Rafferty døydde i heimen til dottera Martha i Stroud i Gloucestershire, den 4. januar 2011 etter leversvikt.[43][44]

Då Rafferty døydde vart interessa igjen stor for songane hans. Dottera Martha relanserte den gamle nettsida til Rafferty, gerryrafferty.com, med ein full diskografi, sjeldne foto, og nye kunstverk av John 'Patrick' Byrne.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel US 200 UK Album[45] RIAA-sertifisering BPI-sertifisering
1971 Can I Have My Money Back?
1978 City to City 1 6 Platina Gull
1979 Night Owl 29 9 Gull Gull
1980 Snakes and Ladders 61 15 Sølv
1982 Sleepwalking 39
1988 North and South 43
1992 On a Wing and a Prayer 73
1994 Over My Head
2000 Another World
Samlealbum
1974 Gerry Rafferty (Rafferty sine innspelingar med Humblebums 1969 & 1970 – og eit solospor frå 1971)
1984 First Chapter
1984 Baker Street
1989 Right Down the Line: The Best of Gerry Rafferty
1995 One More Dream: The Very Best of Gerry Rafferty 17
2006 Days Gone Down: The Anthology: 1970–1982
2009 Life Goes On
2011 Gerry Rafferty & Stealers Wheel: Collected
Som gjestemusikar
1979 Sunnyvista av Richard and Linda Thompson (korvokal)
1983 Local Hero av Mark Knopfler (solovokal på «The Way It Always Starts») Sølv

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US[46] UK[47] AU
1978 «Baker Street» 2 3 1
«City To City» - - 87
«Right Down The Line» 12 - 93
«Home and Dry» 28 - -
1979 «Night Owl» - 5 64
«Days Gone Down» 17 - -
«Get It Right Next Time» 21 30 90
1980 «Bring It All Home» - 54 -
«Royal Mile (Sweet Darlin')» 54 67 52
1990 «Baker Street» (remix) - 53 -

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «'Gerry Rafferty went to meet his maker sober and unafraid, curious and brave'». thescotsman.scotsman.com. Henta 29 January 2011. 
  2. 2,0 2,1 «Gerry Rafferty's 'Baker Street' Blues: Rolling Stone's 1978 Feature». Rolling Stone. 24 August 1978. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gray, Michael (4 January 2011). «Gerry Rafferty obituary». The Guardian (London). Henta 5 January 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Music Obituaries: Gerry Rafferty». London: telegraph.co.uk. 4 January 2011. Henta 4 January 2011. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Gerry Rafferty Interview by Colin Irwin, Folk Roots, 1988
  6. Tributes paid to Gerry Rafferty by John Kilbride, STV, 5 January 2011
  7. You can take the boy out of Paisley... but you can't take Paisley out the boy!, Paisley Daily Express, 23 June 2000
  8. Forsyth, Janice. «Interview with Gerry Rafferty». BBC Radio Scotland. Henta 10. september 2014. "We were playing in dance halls... songs from the charts... The Beatles songs, Rolling Stones songs...» 
  9. Dallas, Karl (1 April 1970). «Group of Promise». The Times. s. 11. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Cromer, Ben (12 June 1993). «Profile: Hugh Murphy Gets it Right with Gerry Rafferty». Billboard. s. 66A. 
  11. Rafferty, Martha. «Gerry Rafferty: Where to Begin?». Henta 10. september 2014. 
  12. Chilton, Martin (5 January 2011). «Gerry Rafferty and his songs of alienation». Telegraph (London). Henta 10. september 2014. 
  13. Jolly, Mark (27 February 1993). «Film promotion by any music necessary». The Times. s. 10. 
  14. 14,0 14,1 Bruce Eder, Stealers Wheel at Allmusic.com
  15. «BBC Radio 2 – Sold on Song – TOP 100 – number 48 – Baker street». BBC Music. Henta 10. september 2014. 
  16. Billboard Album Chart, 8. juli 1978
  17. 17,0 17,1 17,2 Gray, Michael (12. mai 1979). «The Man Who Was Down to Earth». Melody Maker. Henta 10. september 2014. 
  18. Maconie, Stuart (2004). Cider With Roadies (1st utg.). London: Random House. s. 256. ISBN 0-09-189115-9. 
  19. 19,0 19,1 Noakes, Rab (2011). City to City: Remastered: Collector's Edition: Liner Notes. EMI Records. 
  20. Paphides, Pete (24 November 2006). «Shall we skip the light fandango, m'lud?». The Times. s. 14. 
  21. «Stuck in a battle with booze» www.scotsman.com 2 Aug 2008
  22. Gray, Michael. «Gerry Rafferty's «Baker Street» Revisited». Outtakes Blog. Henta 31 May 2012. 
  23. «Stuck in a battle with booze». Edinburgh: Scotland on Sunday. 2. august 2008. Henta 10. september 2014. 
  24. BMI
  25. Wroe, Martin (15 February 1998). «In Penny Lane there is an adman selling motor cars». The Observer. "Gerry Rafferty has never let Baker Street be used, despite lucrative offers.» 
  26. Joel Whitburn, «The Billboard Book of Top 40 Hits (6th Edition)», s. 493.
  27. Burns, Phil. «Chipping Norton Studios». A History of British Recording Studios from the 50s–80s. Henta 10. september 2014. 
  28. "Biography": Introductory text to Jerry Gilbert's notes from Gerry Rafferty's websiteWayback Machine (arkivert 10. oktober 2004)., Henta from Wayback Machine archive of www.gerryrafferty.com, 27 February 2011
  29. Baker Street Legend Rafferty Dies at 63, Evening times, 5. januar 2011
  30. Musician Gerry Rafferty took refuge in farm at height of fame av Lee Moran, This is Kent, 11. januar 2011.
  31. Gerry Rafferty Obituary, Michael Gray, 4 January 2011
  32. Sinclair, David (7. mai 1988). «Colour it black». The Times. s. 21. 
  33. Letter From America (Band Version)
  34. Don't Think Twice It's All Right av Barbara Dickson. Columbia Records Catalogue Number: MOOD CD25, Released: 3 August 1992. (Henta 10. september 2014.)
  35. "Gerry Rafferty: Right Down the Line". TV documentary produced by Neon Productions (Glasgow) for BBC Scotland, co-produced by Valerie Lyon and Robert Noakes, 2011.
  36. Giles Twigg CV details. Henta 10. september 2014
  37. Mo Foster Diskografi. Henta 10. september 2014
  38. Archived version of Gerry Rafferty's Website (6. desember 2000)Wayback Machine (arkivert 6. desember 2000)., Henta frå Wayback Machine, 10. september 2014
  39. News Release, PR Newswire, 27. november 2000.
  40. «From Baker Street to the Super Highway». Evening Standard. 24 November 2000. 
  41. Life Goes On — new release by Gerry Rafferty
  42. Hope for family as Rafferty is taken off life support machine by Brian Donnelly, Herald Scotland, 12 November 2010
  43. «Gerry Rafferty's daughter sings at his funeral». London: telegraph.co.uk. 21 January 2011. Henta 21 January 2011. 
  44. «Baker Street songar Gerry Rafferty died at his daughter's home in Stroud». stroudnewsandjournal.co.uk. Henta 29 January 2011. 
  45. Roberts, David (2006). British Hit Singlar & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 448. ISBN 1-904994-10-5. 
  46. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singlar 1955–2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 574. ISBN 0-89820-155-1. 
  47. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singlar 1952–2004 (1st utg.). London: Collins. s. 628. ISBN 0-00-717931-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Gerry Rafferty