Radio Recorders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radio Recorders
Skipa1933
Hovudkontor7000 Santa Monica Boulevard
LandUSA

Radio Recorders var eit amerikansk platestudio i California i USA med adresse Santa Monica Boulevard 7000 i Hollywood.[1] Studioet blei skipa i 1933 og har gjeve ut nokre av dei største suksessane i underhaldningsbransjen.

Blant dei mange songane som er blitt spelte inn hjå Radio Recorders kan ein nemna «White Christmas», både med Bing Crosby i 1942 og Elvis Presley i 1957 og songane «Mack The Knife» med Bobby Darin og «Love Letters In The Sand» med Patt Boone. Det var òg i dette studioet at den første amerikanske stereoplata blei til, det var Louis Armstrong si Louis Armstrong Plays King Oliver frå 1957.

Dei fleste av Elvis Presley sine filmsongar frå 1956 og fram til 1966 blei spelte inn hjå Radio Recorders, medan dei meir regulære plateinnspelinga hans i same periode som oftast blei spelte inn i Nashville. Den fyrste innspelinga til Presley hos Radio Recorders fann stad i Studio B den 1. september 1956, der han mellom anna spelte inn «Love Me», og den siste gangen Presley var i studiet hos Radio Recorders var den 28. juni 1966, der han gjorde ferdig innspelinga av «Long Legged Girl (With The Short Dress On)» frå filmen Double Trouble. I alt spelte Elvis Presley inn over 100 songar hjå Radio Recorders.

I 1960 blei studioet slått saman med Universal Records og skifta namnet til Radio Universal Recorders. I 1967 blei namnet endra til Annex Studio, og i 1977, då studioet fekk nye eigarar, blei namnet endra til Studio 56.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Scotty Moore - Radio Recorders», www.scottymoore.net, henta 5. desember 2021