Radiometeorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radiometeorologi er ei grein innanfor meteorologien der ein arbeider med korleis vêret påverkar forplantinga av radiobølgjer i atmosfæren. Ein nyttar radio og radar til observasjonar.

Feltet er viktig innanfor område som telekommunikasjon og navigasjon. Til dømes er det diskutert om automatiske landingssystem for fly kan påverkast av vêrtilhøva slik at flya kjem ut av kurs. Dei særs korte bølgjelengdene som er nytta i radar, vert reflektert frå regndropar, hagl og snøfiller, og dette kan utnyttast til kartlegging av nedbør og til kortsiktig varling. Dei fleste fly er utstyrte med vêrradarar, som gjer det mogeleg å unngå aktive skyområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«radiometeorologi» i Store norske leksikon, snl.no.