Radiosamband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radioamatørstasjonen ICOM IC-746

Radiosamband eller kommunikasjonsradio er eit samleomgrep for radioar som både kan senda og ta imot ei melding.[1]

Omgrepet vert brukt til å skilja utstyret frå kringkastingssendarar, kringkastingsmottakarar og mobiltelefonar.

Ein typisk handhalden sambandsradio i VHF-bandet jamført i storleik med ein mobiltelefon og ei fyrstikkeske

Radioane vert brukt som samband mellom ei mindre gruppe brukarar med felles behov for samband. Dette kan vera radioamatørar, politi, ambulansar, lækjarar, hjelpekorps, brannkorps, elektrisitetsverksmontørar, drosjer, bussar, trikkar, lastebilar, anleggsmaskinar, brøytemaskinar, fly, skip, fritidsbåtar, jegarar, skogarbeidarar og andre.

Radioane vert brukt i sambandsnett for landsdekkjande eller internasjonale system som flyradio, maritim VHF, politiradio og helseradionett. Dei kan òg brukast av ei lita gruppe med konsesjon på eigen kanal for internt radiosamband for eit firma eller ein bransje. Døme på dette er maskinentreprenørar, budfirmaer, sikringsradio for skogarbeidarar og jaktradio.

Privatradio på 27 Mhz

Privatradio[endre | endre wikiteksten]

Privatradio (òg kalla walkietalkie) på 27 MHz og 440 MHz er billege konsesjonsfrie radioar med avgrensa sendareffekt til 500 mW berekna på privat nytte. På 1970- og 1980-talet vart ordet walkietalkie brukt om alle radioar på 27 MHz bandet, både for handapparat, mobilapparat og stasjonære radioar. Då var disse radioane ein billeg og enkel kommunikasjon lokalt mellom heim, bil og båt. Då var det ein enkel konsesjon for 27 MHz bandet utan krav til teoretisk prøve. Sjølv om konsesjonen var berekna for bruk innan ein familie eller lita privat gruppe vart dei mykje brukt blant ukjende med kreative kallesignal. Då mobiltelefonar vart vanlegare frå slutten av 80-talet vart nytta av dette bandet tydeleg mindre.

Handapparat, mobilapparat, stasjonær radio, basestasjonsapparat[endre | endre wikiteksten]

Handapparat er små handhaldne einingar med innebygt batteri, antenne, mikrofon, høgtalar, display for kanalval, frekvensval og oppkallinformasjon. Dei er eigna til bruk for personar som går fritt omkring, vekk frå køyretøy og hus, og som treng samband på det aktuelle radionettet òg når dei er unna fastmonterte apparat. Eit handapparat kan gjerne festast i eit belte eller berast i ei lomme.

Mobilapparat er berekna til fast montering i bilar, båtar eller fly. Dei har tilkopling til utvendig antenne og straumforsyning (oftast 12V likestraum). Dei kan òg ha innvendig høgtalar.

Eit baseapparat eller radiorelé kan vera ein sendar/mottakar for montering i hus med tilkopling til lysnettet og med antenne høgt på bygningen med ein antennekabel/radiolinje som samband mellom antenna og radioen. Mobilapparat og baseapparat vil ofte ha ein separat handheldt mikrofon. Handapparat, mobilapparat og baseapparat har ofte tilkoplinghøve for utvendig mikrofon, høgtalar eller hovudtelefonsett.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «radiosamband». Store norske leksikon (på norsk). 27. september 2017.