Ambulanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Star of Life, som vert brukt over heile verda som kjenneteikn for ambulansetenester og -personale.

Ein ambulanse (frå latin ambulare, 'vandra') er eit transportmiddel som utfører ambulansetenester. Ambulansane var før berre eit transportmiddel rekna på å flytta sjuke eller skadde personar med trengsel for båretransport til sjukehus. I dag er vanlege ambulansar ei forlenging av sjukehus, og kan gje avansert akuttmedisinsk hjelp til sjuke og skadde, i tillegg til at ambulansane òg transporterer sjuke og skadde til sjukehus eller legevakt. Ambulansane vert òg brukte til å transportera meir stabile pasientar til sjukehus, sjukeheim, legekontor, til poliklinikk, legespesialist eller til heimen.

Ein ambulanse kan vera til dømes båt, bil, fly eller helikopter. Ambulansar vert hovudsakleg manna av ambulansepersonell, ambulansearbeidarar og paramedisinarar.[1] Ambulansar har i nokre tilfelle òg med seg anna helsepersonell, som lege, jordmor eller andre spesialistar.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Norsk ambulanse i Drammen.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ambulansar er utstyrte med varsellys («blålys») der minst eitt må gje blinkande blått lys i alle retningar og dessutan lydvarsling i form av sirener.[2]

Redningsteknisk utrustning[endre | endre wikiteksten]

Båre til bruk i ambulansebilar.
Hjartestartar

Ambulansane har normalt særs avgrensa rednings-teknisk utrusting, vanlegvis beståande av såkalla multifunksjonsverktøy.

Ambulansetenesta nyttar ulike responskodar.[3]

  • Vanleg/grøn/køyrekode 3: Er minst akutt til dømes henting av pasientar frå sjukehus til heimen sit (utan sirane og blålys).
  • Hastar/gul/køyrekode 2: Oppdraget skal utførast med det same og utan unødig forseinking. Eit typisk døme kan vera brotskade.
  • Akutt/raud/køyrekode 1: Oppdraget skal uførast så fort som mogleg, her tel kvart sekund. Brukt til livstruande skadar og sjukdomar.
  • Svart/køyrekode 0: Er ein ikkje offisiell responskode, men vert ofte brukt internt for transport av mors (livlause pasientar)

Einingstypar[endre | endre wikiteksten]

Bilambulansar[endre | endre wikiteksten]

Canadisk ambulansebil.
Ein sjukebil frå det danske Flyvevåbnet.

Bilambulansar, eller sjukebilar, er den vanlegaste einingstypen. Bilambulansane er delte inn i ulike grupper basert på utstyr og personell.

Akuttambulansar[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste typen er dei såkalla akuttbilane. Desse er dei ein vanlegvis forbind med ambulansar og er dei som gjerne kjem med blålys og sirener til ein ulukkestad. Desse bilane er utstyrd med avansert medisinsk overvakingsutstyr og vert bemanna av minst to helsepersonell der den eine må vera autorisert ambulansearbeidar (jfr. «Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus» § 17). Fleire ambulansetenester i Noreg har eigne kompetansestigar der meir kvalifisert helsepersonell som autorisert ambulansearbeidar eller paramedisinarar har fullmakt til å utføra meir avansert handsaming på eige initiativ. Fordelinga mellom akutt- og transportambulanse er i Noregs mest vanleg i dei store byane (Oslo/Bergen), medan det elles som oftast er kombiambulansar som tek alle typar oppdrag.[treng kjelde]

Psykiatriske ambulansar[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart Psykiatrisk ambulanse-PA oppretta i Bergen, i 2010 følgde Stavanger etter, Bergen sin PA er bemanna med to psykiatriske sjukepleiarar og ein ambulansearbeidar eller paramedisinar.[4] PA vart oppretta for å unngå at psykisk sjuke pasientar skulle måtta transporterast av politiet. Psykiatriske sjukepleiarar i ein PA er spesialisert i handtering av psykisk sjuke menneske og den uroa som eventuelt følgjer av lidinga deira.

PA er innreidd annleis enn vanlege ambulansar. Bilen er tømd for instrument og konsollar på innsida, dels pga. tryggleik og dels for å avgrensa stimuli. Mykje inntrykk, til dømes av utstyr kan skapa uro hos psykisk ustabile pasientar. Eit fleirtal av psykisk sjuke pasientar kan transporterast sitjande, difor er det installert ein ekstra stol i behandlingsrommet. PA har òg båre og kan difor brukast som vanleg ambulanse, i tillegg til å ha funksjon som «first responder».

Motorsykkel-utrykkingseining (MUE)[endre | endre wikiteksten]

Sykkelambulanse i Oslo 2015
Norsk motorsykkelambulanse.

Sommarhalvåret 2006/2007 hadde ein i Oslo ein MC-ambulanse (motorsykkel-utrykkingseining, MUE). Dette var ei prøveordning som ikkje vart vidareført i 2008 grunna manglande økonomi, til trass for at prøveprosjekt vart evaluert til å vera svært tilfredsstillande. Denne MC-ambulansen fungerte som «first responder» og starta med avansert prehospitalbehandling før fleire ressursar kom skadestaden. Dokumentasjonen i etterkant av prosjektet med motorsykkel viser at det kan vera nyttig og aktuelt å innføra hurtigresponsenheter i ambulansetenesta på lik linje med Danmarks «Akuttbiler» som er bemanna med ein paramedisinar. I 2009 starta difor prosjektet opp att. Motorsykkelen har den eigenskapen at han «alltid» er på hjul og klår til umiddelbar utrykking, noko som reduserer forspenningstida mykje (ofte fleire minutt). Dessutan har han eit overlege fortrinn i tilhøve til framkomst som ingen bil, uansett storleik, kan erstatta.

Målsetningen med verksemda er å nå pasientar raskare, og dessutan å avklara enkelte situasjonar for å spara beredskap. Vidare vart eininga brukt til å oppretthalda beredskap i område kor stadleg ambulanse er oppteken. MUE vert nytta i heile dekningsområdet til dåverande Prehospital Divisjon ved Ullevål universitetssjukehus (no Oslo universitetssjukehus, Ullevål) som vil seia Oslo og Akershus fylke.

Personellet på motorsykkelen har fått køyreopplæring hos politiet, og i tillegg er dei utdanna paramedisinar (høgskuleutdanna ambulansepersonell) og har dei same delegeringane som anna ambulansepersonell i Oslo. I 2006 var det 5 paramedisinarar som arbeider i eininga. Dette er ambulansepersonell med mange års tenestetid på akuttambulanse i Oslo/Akershus.

I 2010 var MUE i full operativ drift med ein ny BMW K 1300 GT som motorsykkel. Han var i drift 12 timar kvar dag, heile veka.

Transportambulansar[endre | endre wikiteksten]

Enkelte stadar har ein eigne bilar som er primært berekna til å handtera mindre akutte hendingar og overflyttingar av stabile pasientar. Transportambulansane er vanlegvis utrusta med det same utstyret som akuttambulansane, og kan difor sendast ut på akuttoppdrag dersom dei er næraste ressurs, eller det ikkje finst andre ledige ressursar. Men personellet har ofte lågare utdanning enn på ordinære akuttambulansar.[treng kjelde]

Transportambulansar i Noreg er foliert kvite og er påført teksta «transportambulanse» eller «beredskapsambulanse» i blå tekst. Transportambulansar tilhøyrande Raudekrossen eller Norsk Folkehjelp skal i tillegg ha markeringsstripe i høvesvis raud og grøn farge.[5]

Desse bilane er eit supplement til den ordinære tenesta, og tek seg av mindre alvorlege oppdrag og dessutan overflyttingsturar. Personellet kan som regel ikkje gje meir avansert handsaming enn oksygen og bruk av halvautomatiske defibrillatorer, populært kalla hjartestartarar, og dessutan bandasjering.[treng kjelde]

Desse bilane vert ofte brukt til beredskap ved idrettsarrangement og gjev høve for inntektskjelde for dei frivillige organisasjonane.[treng kjelde]

Store industribedrifter har i nokre tilfelle eigne beredskapsambulansar som del av sin industriberedskap.[5]

Legeambulanse[endre | endre wikiteksten]

I Oslo finst det éin ambulanse som er fast bemanna med anestesilege. Denne rykker berre ut på dei meste alvorlege hendingane der det kan vera naudsynt med meir omfattande handsaming på staden, som til dømes å leggja pasienten i narkose. Òg andre stadar i landet kan leger følgja med ut i ambulansen, men Oslo er det einaste staden som har dette som fast ordning. Legeambulansen i Oslo vert òg ofte nytta til opplæring ved at personell har vaktar på denne bilen og får rettleiing og utsjekk.

Legebil[endre | endre wikiteksten]

Dansk legebil i København.

I tilknyting til dei fleste luftambulansebasane, nokre av redningshelikopterbasane og dessutan enkelte sjukehus er den etablerte ordninga med legebil. Dette er ei utrykkingseining som kan brukast i basen sin nærområde dersom det er for dårleg vêr til å fly eller det er meir føremålstenleg å køyra. Legebilen vert bemanna av helikopterlege og redningsmann, og er utstyrt med det same medisintekniske utstyret som helikopteret.

Legebiler stasjonert på sjukehus fraktar ut vakthavande lege ved anestesiavdelinga til større ulukkestad eller andre hendingar der slik støtte er påkravd. Bilen vert då bemanna av anestesilege og ambulansepersonell frå sjukehuset.

Legevaktsbil[endre | endre wikiteksten]

Ved fleire kommunale legevaktsentralar finn ein legevaktbilar. Dei fleste stadar er dette reine transportmiddel som lega brukar ved sjukebesøk, men enkelte stadar er dei utstyrt som utrykkingskøyretøy og er bemanna med ambulansepersonell i tillegg. Dei fungerer då som ein tilleggsressurs for den ordinære beredskapen. Òg fleire legevaktsentralar har eigne utrykkingskøyretøy anten registrert som ambulanse eller utstyrt som ambulanse, men utan båreplass.

Rundt i landet er det svært varierande kor mykje dei lokale primærlegane nyttast ved utrykking til akutte tilfelle. Eit godt samarbeid med samtidig varsling av lokal lege og lokal ambulanse og god kommunikasjon mellom AMK, lege og ambulanse, gjerne over helseradio, kan gje ein rask og god handsaming ved akutte situasjonar sjølv i grisgrendte strøk.

Intensivambulanser[endre | endre wikiteksten]

Dette er store bilar, ofte med plass til to bårer. Dei er utstyrte som mobile intensiveiningar og vert brukt primært til overflytting av pasientar som krev mykje utstyr. Desse bilane er dimensjonerte og utstyrte for å kunna køyra rett inn på eit av Forsvaret sine herculesfly som så kan frakta heile bilen til avgjerdsstaden. Dette vert til dømes nytta viss det er naudsynt å overføra ein pasient frå Austlandet til brannskadeavsnittet på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Intensivambulansene kan ha bemanning etter behov, som intensivsjukepleiarar, paramedisinarar, ambulansearbeidarar og anestesilegar.

Bårebil[endre | endre wikiteksten]

På 60- og 70-talet var ein del drosjer (stasjonsvogner) utstyrt slik at ei båre kunne festast bak i bilen for transport av pasient til sjukehus. Detta vart ofte nytta i grisgrendte strøk i små bygder med store avstandar til ambulanse med vakt.

Etter at bårebilen har vore borte frå helsetenesta i fleire tiår er han no på veg tilbake, og går då under nemninga «Helsebil». Dette er ein bil som liknar på ein ambulanse, men som ikkje har avansert utstyr slik ordinære ambulansar har, kompetansen til mannskapet er òg lågare, og det vert brukt ofte hjelpepleiarar eller helsefagarbeidarar og nokre gonger òg personar som ikkje er helsepersonell, då ofte som sjåfør. Helsebil er på mange måtar ein taxi for transport av liggjande pasientar, f.eks. for transport frå sjukehus til sjukeheim.

Luftambulanse[endre | endre wikiteksten]

Luftambulansetenesta i Noreg er ein landsomfattande del av helsetenesta, og vert utøvd med både fly og helikopter. Dei regionale helseforetaka er ansvarleg for denne tenesta, medan forvaltninga er delegert til Luftambulansetjenesten ANS, som stiller krav til fartøy, operasjon, beredskap og bemanning. Det medisinske ansvaret ligg på sjukehusa, som bemannar fly og helikopter med sjukepleiarar og legar. Dei operative krava er utarbeidd av den europeiske luftfartsorganisasjonen EASA og av Luftfartstilsynet.[5]

Luftambulansetjenesten ANS er eigd av dei regionale helseføretaka og finansieringa skjer fullt ut av det offentlege.[6]

Ambulansehelikopter[endre | endre wikiteksten]

Norsk ambulansehelikopter av typen Eurocopter EC-135.

Ambulansehelikopter kan dekka middels store avstandar på kort tid, og verta difor ofte brukt når der er snakk om lange avstandar til dømes innan ein landsdel. Dei er vanlegvis bemanna med pilot, redningsmann (ambulansearbeidar/sjukepleiar med tilleggsutdanning) og anestesilege, alternativt pilot, teknikar, anestesisjukepleiar og anestesilege. Dei er i stand til å ta med to pasientar om gongen, men dette er ikkje optimalt og verta berre gjort når det er tvingande naudsynt. Ambulansehelikoptera kan òg nyttast i samband med søk og lettare redningsoperasjonar.[treng kjelde]

Noreg har 13 ambulansehelikopter, stasjonert ved sjukehus eller helikopterbasar i Arendal, Lørenskog (2), Ål, Dombås, Stavanger, Bergen, Førde, Ålesund, Trondheim, Brønnøysund, Evenes og Tromsø.[6]

Redningshelikopter frå 330 skvadron vert òg nytta til ambulanseoppdrag ved behov.[6]

Ambulansefly[endre | endre wikiteksten]

Svensk ambulansefly av typen Beechcraft Super King Air, tilsvarande flytypen som vert nytta i Noreg.

Ambulansefly vert brukt i utstrakt grad som primærtransportmiddel for dårlege pasientar i område med lang veg til sjukehus, og der klimatilhøve gjer helikopterberedskap ustabilt. I til dømes Finnmark utgjer ambulanseflya ein svært viktig akuttmedisinsk beredskap på linje med legehelikopter i Sør-Noreg. Flya er oppsett med intensiv-/anestesisjukepleiar og legevaktslege/kommunelege ved behov.[treng kjelde]

Noreg har 9 ambulansefly stasjonert på lufthamnene Gardermoen (2), Ålesund, Brønnøysund, Bodø, Tromsø, Alta (2) og Kirkenes.[6]

Tidlegare vart av og til rutefly nytta for båretransport til dømes frå Nord-Noreg til sjukehusa i Oslo. Detta var meir føremålstenleg då flya nytta Fornebu flyplass.[treng kjelde]

Flya har vanlegvis kapasitet til to pasientar og er utstyrt på same måte som legehelikoptera. Ambulansefly er ofte veleigna og betre enn helikopter på lengre strekningar fordi dei:[treng kjelde]

  • flyr fortare,
  • ristar og bråkar mindre,
  • oftast er billegare,
  • ofte har meir plass.

Førebels har inkje sjukehus i Noreg flyplass i nærleiken med taxiveg for flyet inn føre motttakingsavdelinga. For mange sjukehus ligg òg helikopterlandingsplassen så langt unna at ambulansetransport er naudsynt frå helikopter til mottakinga. Mange av største sjukehusa i landa (spesielt i Oslo), har flyplass i så lang avstand frå sjukehuset slik at flytransport vert tidkrevjande. (Unntak er Tromsø og Bodø).[treng kjelde]

Ambulansebåt[endre | endre wikiteksten]

Ambulansebåt på Scillyøyane.

Ein ambulansebåt er ein båt som er spesialbygd for sjuketransport. Båten er gjerne hurtiggåande samstundes som den bør tola vêrtilhøva i området den opererar i. Ein ambulansebåt er utstyrd for transport av sjukebåre og er gjerne bemanna med lege eller anna helsepersonell (jordmor, sjukepleiar).[treng kjelde]

Ambulansebåtar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ambulansebåten «Eyr Ytterholmen» som er stasjonert på Bjørn i Dønna kommune.

Ambulansebåtar i Noreg er i bruk i kystområda, og inngår i den organiserte ambulansetenesta innan helseføretaka. Fartøya kan vere reine ambulansebåtar, eller vere kombinasjonsbåt og fungere både som samfunnsbåt og utføre både rutetrafikk og ambulanseoppdrag og lege- og helsepersonellskyss.[5] Reine ambulansebåtar er utstyrte som ein ambulansebil, men med større kapasitet, og er bemanna med helsepersonell i tillegg til maritimt mannskap.[7]

Fartøy som ikkje er ein del av den ordinære ambulansetenesta, slik som redningsskøyter, kan etter førespurnad frå AMK også nyttast i akuttmedisinske oppdrag. AMK vurderer i kvart einskild tilfelle kva som trengs av bemanning og utstyr frå helsetenesta, og om dette skal følgje fartøyet eller sendast i møte eller parallelt med ressursen.[5]

Legebåt[endre | endre wikiteksten]

Ein legebåt er ein båt som primært vert brukt til transport av helsepersonell langs kysten og i øysamfunn. I tillegg til lege, er transport av sjukepleier og jordmor aktuelle oppgåver for ein legebåt. Dessutan har ein legebåt gjerne plass til sjukebåre slik at han kan brukast som ambulansebåt. Ein del småstader langs kysten har legeteneste ved at legebåten vert brukt som legekontor enkelte dagar i månaden.[treng kjelde]

Den store utfordringa ved konstruksjon av ein legebåt er å finna den optimale balansen mellom krava til høg fare og stor sjødugleik.[treng kjelde]

Militære ambulansar[endre | endre wikiteksten]

Militær ambulanse
Ein sjukebil frå det danske Flyvevåbnet.

Militær sanitet brukar ambulansar i stor utstrekking. Dei vanlegaste typane er upansra hjulgåande køyretøy, og pansra på anten hjul eller belte og helikopter. Sivilforsvaret har òg nokre ambulansar i beredskap og til øving. Alle av ambulansane til forsvaret, og sanitetskøyrtøy er merkte med raude kross-symbol (Genferkrossen), som er eit internasjonalt verneteikn i samsvar med Genève-konvensjonane.

Sanitetsbataljonen nyttar òg blant anna MB 300 Geländerwagen som ambulansar, men i motsetning til garden er desse utstyrde med berre ei båre og to medicar i bakrommet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nasjonal Paramedic Forening». 
  2. Veitrafikkloven
  3. Norsk indeks for medisinsk nødhjelp.pdf (PDF) (4. utg.). Nakos. 2018. 
  4. AVD, Psykiatrisk Ambulanse Bergen 2014
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Krav til godkjenning og bruk av ambulanser og andre helserelaterte kjøretøyer i de akuttmedisinske tjenestene» (PDF). Helsedirektoratet. November 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Raske fakta om Luftambulansetjenesten | Luftambulansetjenesten», www.luftambulanse.no, henta 30. mars 2019 
  7. «Tar over ny ambulansebåt», www.h-avis.no (på norsk), 28. mars 2019, henta 29. mars 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]