Radioskugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Radioskugge er nemninga på eit avgrensa geografisk område der kontakt med ein nærliggande basestasjon eller radiosendar vert hindra av høgt terreng. Dekningsområdet til sendaren vil meir eller mindre omringa området med radioskugge[1].

Dei store hovedsenderene for radio og fjernsynkringkasting dekkjer eit stort geografisk område. Innan dette området vil det vera fleire små område bak fjell eller i djupare dalar med radioskugge. For å få dekning av signala vert det ofte sett opp mindre frekvensomformarar eller separate sendarar.

Dersom signalet i ein radioskugge berre er litt for svakt, vil ei retningsantenne på basestasjonen eller på radioen til brukaren kunne auka felttyrken i radioskuggen eller antennesignalet i radioen, slik at samband likevel kan oppnåast i området. I hytteområde kan mobiltelefonsignala vera for svake. Ei tilpassa retningsantenne på hytta (til dømes ei yagi (antenne)) for rett frekvens, innstilt i rett retning, kan likevel samband for mobiltelefonen etablerast. Ei slik antenne vil krevja ein eigen antenneutgang på mobiltelefonen, noko dei færraste mobiltelefonane verta levert med[2].

Ved skiping av sendarnett for mobiltelefon, maritim VHF, nødnett, flyradiosamband, anna lukka nett, jarnbanesamband etc. er viktig å avgjera om sambandet verkar eller ikkje verkar. Sidan det er vanskeleg å føresjå der det vert danna radioskugge for ei gjeven sendarplassering, er det ofte naudsynt å gjera dekningsprøver ved å røra seg i området med ein radiomottakar og kartleggja der det er samband og der det ikkje er samband.

I område med mykje leiande metall i grunnen kan radiosignala påverkast mykje slik at dekningsområde og radioskugge vert forandra frå det som forventast.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.hamradioschool.com/how-far-can-i-talk-with-my-radio/
  2. https://www.gpo.gov/fdsys/pkg/CFR-2007-title47-vol4/xml/CFR-2007-title47-vol4-sec73-685.xml