Radstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radstadt
by
Våpenskjold
Land  Austerrike
Stat Forbundslandet Salzburg
Distrikt St. Johann im Pongau
Areal 60,82 km²
Folketal 4 776  (2009)
Kart
Radstadt
47°22′0″ N 13°28′0″ E
Wikimedia Commons: Radstadt

Radstadt er ein bykommune i distriktet St. Johann im Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 60,8 km² og i kring 4 900 ibuarar.

Nær halvparten av ibuarane held hus i småbyen Radstadt, 858 meter over havet, ved nordbreidda av elva Enns. Dei andre landsbyane/grendene i kommunen er Schwemmberg, Löbenau, Höggen og Mandling.

Turismen er den heilt dominerande næringa i kommunen.

Skirennarane Josefa Frandl, Roswitha Steiner, Andreas Schifferer, Michael Walchhofer og Brigitte Obermoser er alle frå Radstadt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°23′N 13°28′E