Roswitha Steiner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roswitha Steiner

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 14. juni 1963 (60 år)
Radstadt
Yrke alpinist, politikar
Språk tysk
Høgd 171 centimeter
Politisk parti Österreichische Volkspartei
Ektefelle Alois Stadlober
Roswitha Steiner på Commons

Roswitha Steiner (fødd 14. juni 1963) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar og politikar frå Radstadt i forbundslandet Salzburg. Ho vann FIS-pokalen som beste slalåmrennar i verdscupen i alpine greiner 1986 og 1988, samt VM-sølv i same greina i 1987. Steiner er gift med langrennaren Alois Stadlober og mor til Teresa Stadlober.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Steiner var slalåmspesialist. Ho tok sin fyrste pallplass i verdscupen i alpine greiner då ho 8. mars 1983 rann ned til siger i Waterville Valley i USA. Fram til 6. mars 1988 vann ho i alt åtte slalåmrenn i verdscupen. I 1986 triumferte ho i fire renn i verdscupen, noko som sikra henne pokalen som prova at ho var verdas beste kvinnelege slalåmrennar.

Under VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana vann ho sølvmedaljen i slalåm. Ho leia med over eitt sekund på sveitsiske Erika Hess etter fyrste omgangen, men måtte likevel sjå seg slått av Hess med 0,25 sekundar då andre omgangen var over. I sin siste sesong, OL-sesongen 1988, vann ho slalåmpokalen i verdscupen på ny, trass i ho at måtte vente til mars månad før ho vann si fyrste tevling for sesongen. Perioden 1983-88 stod Steiner 15 gongar på sigerspallen i verdscupen (8-5-2).

Etter at Steiner la opp som skirennar har ho delteke i mange maratonløp.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1999-2004 var Roswitha Steiner medlem av landdagen i forbundslandet Salzburg. Ho representerte det høgreorienterte Austerrikes folkeparti (ÖVP), og var ordførar for sportssaker. Hausten 2021 vart Roswitha Stadlober vald til president i Austerrikes skiforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]