Ragnar Hoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnar Hoen

Ragnar Hoen NM Hamar 2007.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1940
Oslo
Død

6. juli 2019

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1976, Sjakk-OL 1978, Sjakk-OL 1980, Sjakk-OL 1982

Ragnar Harald Hoen (fødd 5. oktober 1940) er ein norsk sjakkspelar. Han har blitt Noregsmeister i sjakk tre gongar, i 1963, 1978 og 1981.[1]

Ragnar Hoen er utnemnd til tittelen FM (FIDE Master) av Verdssjakkforbundet FIDE.

Ragnar Hoen vann den nordiske meisterskapen i sjakk i 1967[2]. Han har vore på det norske landslaget i sjakk-olympiaden (VM for landslag) heile 12 gongar, alle sjakk-OL frå 1960 til 1982, av dette fem gongar også som lagleiar.[3][4]

Dei siste åra har Hoen prioritert seniorklassa i NM i sjakk, aldersklassa for dei som er over 60 år. Ragnar Hoen har vunne denne klassa kvart år frå 2002 til 2007, 6 år på rad.[5]

Ragnar Hoen har heile 17 gongar vore med på å vinne NM i sjakk for klubblag for Oslo Schakselskap sitt lag.[6]

Ragnar Hoen er onkel til høgdehopparen Steinar Hoen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brekke, s. 104 og 106
  2. Brekke, s. 118
  3. www.olimpbase.org
  4. Brekke, s.112-113
  5. Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007 s. 16
  6. Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007 s. 16

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]