Ragnvald Soma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnvald Soma


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. november 1979 (44 år)
Kvernaland
Idrett fotball

Ragnvald Soma (fødd 10. november 1979 på Kvernaland i Time kommune) er ein norsk fotballspelar. Soma er midtstoppar eller defensiv midtbanespelar for Viking FK. Han har spela i mange år for Bryne FK, frå 1996 til 2000 og frå 2002 til 2003. Til Bryne FK kom han frå Frøyland IL. Han har òg hatt eit relativt mislukka utanlandsopphald som proffspelar i den engelske klubben West Ham United.

Etter å ha vore rekna som eit stort talent i mange år, fekk Soma eit gjennombrot for Sportsklubben Brann i 2004. Han vart då av fleire aviser kåra som den beste spelaren i Tippeligaen det året. I tillegg debuterte han på A-landslaget. Han vart òg cupmeister. I mars 2006 vart det klart at han gjekk over frå å spela for Brann, til å spela for Viking.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

(oppdatert 6. august 2007)

Klubb Kamper Mål Periode
Noreg Bryne 210 13 1996-2004
West Ham 7 0 2000-2001
Noreg Brann 77 1 2004-2005
Noreg Viking 61 3 2006-

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]