Rahime Perestu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rahime Perestu

Fødd1826
Tsjerkessia
Død1906
Maçka
TittelValide sultan
GravstadIstanbul
LandDet osmanske riket
EktefelleAbdülmecit

Rahime Perestu (opphavlege Rahime Gogen, kring 18301906 var ein valide sultan i det Det osmanske riket under styret til adoptivsonen sin Abd ül-Hamid II frå 1876 til 1904. Ho var ein tsjerkessar som blei teken som slave og plassert i haremet til Abd ül-Mecid I, og konverterte til islam.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ho var fødd som Rahime Gogen, ein ubykh-tsjerkessar i Sotsji i Russland.[1] Ho blei adoptert ved eit års alder av prinsesse Esma, som gav henne namnet Perestu ('Svale').

I 1844 bad Abd ül-Mecid I adoptivmora hennar om å få henne til haremet sitt. Esma var motvillig, men gjekk til sist med på det då han lova henne at han skulle gifta seg med Perestu og ikkje gjera henne til slavekonkubine. Ho fekk ingen barn, men blei i 1852 adoptivmor til ein steson, den seinare Abd ül-Hamid II, etter at den biologiske mora hans hadde døydd. Då Abd ül-Mecid I gjekk bort 1861, forlet ho hoffet og busette seg i ein egen villa som ho fått i gåve av maken sin.

Valide sultan[endre | endre wikiteksten]

Då adoptivsonen Abd ül-Hamid II kom på trona i 1876 gav han Rahime Perestu tittelen og posisjonen som valide sultan. Han bad henne kategorisk om å ikkje bry seg om politiske spørsmål, og ho hadde aldri nokon påverknad på politikken. Som valide sultan blei ho overhovud for det keisarlege osmanske haremet, men styret hennar skal ha vore særs mildt ettersom ho mislikte å legga seg opp i andre sine saker og føretrekte å unngå konfliktar. Abd ül-Hamid II ønsket først og fremst at ho skulle ta seg av representative oppgåver, som å ta del i den kongelege moskeprosesjonen kvar fredag. Ho føretrekte å bu i sin eigen villa så mykje som mogleg, og sultanen sende ved fleire høve ei vogn etter henne som frakta henne tilbake til haremet mot hennar vilje. Då det svenske kongeparet vitja Istanbul i 1885 tok ho imot dronninga, Sofia av Nassau, då denne fekk vitja det keisarlege haremet.

Perestu døydde i 1906, rundt 74 år gammal,[2][3] i villaen sin i Maçka i Istanbul.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Açba, Harun (2007). Kadın efendiler: 1839-1924. Profil. ISBN 978-9-759-96109-1.
  2. Brookes 2010, s. 287.
  3. Sakaoğlu 2008, s. 585.
Kjeldeliste
  • Brookes, Douglas Scott (2010). The Concubine, the Princess, and the Teacher: Voices from the Ottoman Harem. University of Texas Press. ISBN 978-0-292-78335-5. 
  • Sakaoğlu, Necdet (2008). Bu mülkün kadın sultanları: Vâlide sultanlar, hâtunlar, hasekiler, kadınefendiler, sultanefendiler. Oğlak Yayıncılık. ISBN 978-9-753-29623-6. 
  • Uluçay, Mustafa Çağatay (2011). Padişahların kadınları ve kızları. Ankara: Ötüken. ISBN 978-9-754-37840-5.