Rally Dakar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MAN lastebil frå 2006-rallyet
Motorsykkel frå 2006-rallyet
Volkswagen frå 2009-rallyet

Rally Dakar, som tidlegare hadde namnet Rally Paris-Dakar, er eit årleg langdistanse konkurranseløp for køyrarar av motorsyklar, personbilar og lastebilar, og som opphavleg vart køyrd frå Paris i Frankrike til Dakar i Senegal etter varierande ruter.

Løpet har vore køyrd sida 1978, men som fylgje av dei væpna konfliktane i Afrika, vart det i 2009 flytt til Argentina og Chile i Sør-Amerika av omsyn til tryggleiken for deltakarane. Seinare har løpet vore halde i Sør-Amerika.

Rallyet går for det meste i fritt terreng utanfor veg, ofte gjennom ørken. Det er ulike underkategoriar innanfor køyretøygruppene. Mange av køyretøya som er med, er særleg tilpasse dette rallyet. Frå 2009 har rallyet òg vore ope for firhjulingar.

Løpet vert arrangert av Amaury Sport Organisation (ASO), som er ein del av den franske mediagruppa Éditions Philippe Amaury. Amaury Sport Organisation er òg arrangør av Tour de France, Paris–Nice, Paris–Roubaix, Liège–Bastogne–Liège, La Flèche Wallonne, Open de France, Paris Maraton og diverse sykkelritt i Afrika.