Ramananda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramananda

FøddAllahabad
DødVaranasi

Ramananda (ca. 1400–ca. 1470) var ein indisk religiøs leiar. Namnet kan òg skrivast som Ramanand eller Ramadatta. Ramananda var ein bramin, men gjekk inn for å utbreie ein meir tilgjengeleg religion mellom folket gjennom den såkalla bhakti-rørsla.[1] Av tilhengjarane sine blir han rekna som den femte i arvelinja etter den vidgjetne mystikaren Ramanuja. Ifølgje hagiografien om Ramananda, forlèt han tidleg heimen sin for å bli ein asket (sannyasi), før han seinare slo seg ned i Varanasi (Benares) for å studere filosofien åt Ramanuja, vediske tekstar og yoga. Ramananda sin filosofi hadde mange likskapstrekk med tankane ein finn hjå Ramanuja, men Ramananda brydde seg ikkje om reglane for kastesystemet og åt måltida sine saman med folk frå alle kastar. Han braut òg regelen om at all opplæring og alle tekstar laut vere på sanskrit, og nytta folkespråket hindi, vel vitande om at berre medlemar av dei høgare kastane meistra sanskrit.

Ramananda tiltrakk seg tilhengjarar frå ulike samfunnslag og kastar, og mellom dei tolv opphavlege disiplane hans skal ein ha funne minst ei kvinne, garvaren Ravidas (garvarar er lågt nede på rangstigen i Det indiske kastesystemet) og ein muslim (Kabir). Samstundes har det faktum at Ramananda knapt er nemnd i poesien skrive av dei som blir sagt å vere disiplane hans, gjort at nokre fagfolk tvilar på det historiske grunnlaget for dette sambandet. Den mest kjende av disiplane hans, Kabir, vart sjølv ein høgvyrd diktar og opphav til ein rik legendetradisjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gerhardsen, E.; Højdahl, O.; Sanness, J., red. (1976). Tidens leksikon. Tiden. s. 324. ISBN 8210009206. 
  2. Langeland, A.St. (1994). India og Sørøst-Asia. Bokklubben. s. 113. ISBN 8252511759.