Randa

Koordinatar: 46°06′0″N 7°47′0″E / 46.10000°N 7.78333°E / 46.10000; 7.78333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randa
Randa
Randa
Randa
Kommunevåpenet til Randa
Kommunevåpenet til Randa


Plassering
Randa is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Valais
Distrikt Visp
Språk tysk
Borgarmeister Leo Jörger
Geografi
Flatevidd
 - kommune

54,53 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

438
  8 /km²
Koordinatar 46°06′0″N 7°47′0″E / 46.10000°N 7.78333°E / 46.10000; 7.78333
Høgd over havet 1406 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3928
Nettstad: www.randa.ch

Randa er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 438 innbyggjarar (2010) og eit areal på 55 km². Kommunesenteret ligg 1406 meter over havet. Han ligg mellom Weisshorn og Dom, og mellom Visp og Zermatt (9 km unna) og er den tredje øvste kommunen i dalen Mattertal.

Lågaste punktet i kommunen er 1 270 meter, på grensa mot grannekommunen St. Niklaus. Høgste punktet er toppen av fjellet Dom på 4 545 meter over havet.

Han består av landsbyen Randa og grendene Lerch, Wildi og Attermänze.

Ulukker[endre | endre wikiteksten]

Fjellraset i Randa

Fleire store naturkatastrofar har heimsøkt fjellandsbyen Randa, både i 1636, 1720, 1737 og 1819. Siste store ulukka hende i april-juni 1991. To store steinras i april og mai 1991 stengde vegen gjennom dalen og demde opp elva, som braut gjennom med stor styrke i juni og sette delar av landsbyen under vatn. Sju hestar og 35 småfe strauk med i rasa, og ei mengd hytter og feriehus. Om lag 33 millionar kubikkmeter steinmasse rausa ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]