Random Access Memory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DRAM-celle (lagrar ein bit).
Oppbygging av ei SRAM-celle, med 6 transistorar.

RAM, frå engelsk random-access memory, er ein type minne i ei datamaskin som blir nytta til å lagra data og programinstruksjonar når maskina er i drift og vert ofte kalla arbeids-RAM[1][2]. Dette direktelageret kan addresserast vilkårleg (lesast/skrivast frå/til ein vilkårleg addresse). Moderne RAM vert laga av halvleiarar og kan vera bygd som separate integrerte krinsar. Når spenninga vert fjerna går informasjonen tapt, både for SRAM og DRAM. Informasjon ein vil ta vare på må difor lagrast på eit permanent minne, som til dømes eit platelager, før spenninga vert fjerna.

To hovudtypar[endre | endre wikiteksten]

Ein skil mellom statisk RAM (SRAM) og dynamisk RAM (DRAM)[1]. SRAM lagrar kvar einskild bit i tilstanden til ein Flip-flop, medan DRAM lagrar infrmasjonen i form av ei elektrisk ladning på små kondensatorar. Det trengst minst 6 transistorarar per bit i ein SRAM, medan DRAM — i tillegg til kondensatoren — treng berre ein transistor per bit. DRAM har difor mykje større datatettleik (bit per arealeining) enn SRAM. For å få størst muleg datatettleik er kondensatorane som DRAM lagrar informasjonen på svært små, noko som fører til at dei berre kan halda på ladinga ei stutt tid (nokre titals µs). DRAM har difor innebygd elektronikk som regelmessig les ut informasjonen (spenninga) og skriv han innatt. Denne oppfriskinga syter for at informasjonen ikkje går tapt, så lenge krinsane er kopla til rett spenning. Tidsintervallet mellom kvar oppfrisking er typisk 64 µs.

Både på grunn av at informasjonen er lagra i form av små ladningar og på grunn av at det er naudsynt med regelmessig oppfrisking av informasjonen tek det lengre tid å skriva til eller lesa frå DRAM enn for SRAM[1]. Ein nyttar difor ofte eit SRAM-mellomminne for å redusera forsinkinga ved å lesa frå eller skriva til DRAM.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Eit viktig bruksområde for RAM er som arbeidsminne i datamaskinar og innbaka system, men RAM vert òg nytta som bufferar i I/O-einingar som lydkort, grafikkort og liknande. ASIC og FPGA kan òg innehalda noko RAM (SRAM), men med mykje mindre datatettleik enn DRAM.

RAM-modular[endre | endre wikiteksten]

32-MB EDO DRAM-modular.

RAM-brikker har som oftast ei ordlengd på ein Byte (8 bit). På grunn av at mange datamaskinar les/skriv blokker på 32 eller 64 bit er det vanleg at fire eller 8 RAM-brikker vert sett saman til 32- eller 64-bits modular. Det finst fleire typar modular, men den mest vanlege typen i dag (2019) er DIM-modular.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Harris, D.M. og Harris, S.L., Digital design and computer architecture, 2. utg., Elsvier, 2013.
  2. Liseter, Ivar M. (28. juli 2017). «RAM – IT». Store norske leksikon (på norsk).