Innbaka system

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på innbaka system: SCSI CD-brennar.

Innbaka system er eit omgrep som vert nytta om einingar med innebygd digital elektronikk, i form av mikroprosessorar, mikrokontrollerar o.l. Døme på innbaka system er DVD-spelarar, skrivarar, vaskemaskiner, mobiltelefonar, styre- og kontroll-system i bilar, fly, satellittar osb. Nokre innbaka system har meir enn ein prosessor.

Innbaka system inneheld ei blanding av elektronikk og programvare. Dei kan òg innehalda avanserte algoritmar for signalhandsaming, kontroll, kommunikasjon osb.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.