Rasmus Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rasmus Hansen
Rasmus Hansen.jpg
Fødd 1797
Oppdal
Død

12. mai 1861
Heidal i Sel

Yrke advokat, politikar, dommar

Rasmus Hansen (179712. mai 1861) var ein norsk sakførar og politikar frå Oppdal.

Rasmus Hansen var frå garden Snorroeggen i Oppdal. I yngre år var han nokre år kontorist hos futen i Skogn i Nord-Trøndelag. Han tok så i 1822 norsk juridisk eksamen og var underrettsprokurator i «Nordre Trondhjem», busett i Skogn. Frå 1848 var han sorenskrivar i Nordre Gudbrandsdalen til han døydde.

Hansen var den fyrste ordføraren i Skogn. Både i 1839, 1842 og 1848 vart han vald til stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt. Han var i 1839 sekretær i Næringskomite nr 1, 1842 medlem i Kyrkjekomiteen og Skysslovkomiteen og 1848 formann i Desisjonskomiteen og medlem i Adressekomiteen. Elles var han i 1842 sekretær og 1848 visesekretær i Odelstinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]