Rasmus Lauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Lauge


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 20. juni 1991 (32 år)
Randers
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2016, Handball-VM 2019 for menn

Rasmus Lauge.
Foto: Viranovski Filip

Rasmus Lauge Schmidt (fødd 20. juni 1991) er ein dansk handballspelar frå Bjerringbro som har vunne to VM-gull, to EM-gull og eitt OL-gull med Danmarks landslag. Han har vorte tysk ligameister ved fire høve og vart ungarsk seriemeister i 2023. Sidan sommaren 2023 er han aktiv i Bjerringbro.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lauge var med i den danske troppa som tok seg til finalen i VM 2011, der laget tapte i ekstraomgangane mot Frankrike. Året etter bidrog han med to mål då Danmark vann med 21 mot 19 over arrangørlandet Serbia i finalen i Handball-EM 2012. Han skåra eitt finalemål då Danmark måtte nøye seg med sølvplass under Handball-VM 2013. Ein meniskskade førte til at han ikkje kom med til Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. I 2019 skåra Lauge fire mål då Danmark på heimebane slo Noregs mannskap med solide 31-22 finalen i Handball-VM 2019, kom også med på All-Star-laget. Under Handball-EM i 2022 vann han ein bronsemedalje. Eitt år seinare vart han verdsmeister for andre gong, skåra heile 10 mål i finalen mot Frankrike og vart toppskårar i kampen. Lauge har sidan 2010 delteke i 148 landskampar og skåra 376 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lauge spelte frå 2009 på det danske topplaget Bjerringbro-Silkeborg. I 2013 flytta han til det tyske storlaget THW Kiel der han vart tysk ligameister i 2014 og 2015. Frå 2015 til 2019 gjorde han teneste for rivalen Flensburg-Handewitt. Med Flensburg vann han den tyske ligaen i 2018 og 2019. Deretter spelte han 2019-23 på ungarske Veszprém KC, eit lag som i hans siste sesong toppa den nasjonale serien. Sommaren 2023 returnerte han til Bjerringbro-Silkeborg.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull: 2019 og 2023 med Danmark
  • EM-gull: 2012 med Danmark
  • VM-sølv: 2013 med Danmark
  • EM-bronse: 2022 med Danmark
  • Tysk ligameister: 2014 og 2015 for THW Kiel, 2018 og 2019 for Flensburg-Handewitt
  • Ungarsk seriemeister: 2023 for Veszprém KC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rasmus Lauge