Rasmus Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Meyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juni 1858
Bergen
Død

14. januar 1916 (57 år)

Yrke kunstsamlar
Far Gerdt Meyer
Bygningen for Rasmus Meyers Samlinger attmed Lille Lungegårdsvannet har no namnet KODE 3
Foto: Nina Aldin Thune

Rasmus Meyer (4. juni 185814. januar 1916) var ein norsk forretningsmann og mesen frå Bergen. Rasmus Meyer gav den store kunstsamlinga si til Bergen kommune. Samlinga fekk namnet Rasmus Meyers Samlinger, som seinare har vorte ein del av KODE Kunstmuseene i Bergen.

Frå 1905 vart Rasmus Meyer ein kunstsamlar i stor stil då han kjøpte verftseigaren Ananias Dekke si etterlatne privatsamling. Han hadde mål om å samle kvar kunstnar som hadde vore viktig for norsk målarkunst og som synte utviklinga til måleriet gjennom tidene. Samlinga hans inneheld verk av dei fleste store målarane frå I.C. Dahl til Matisse-elevane sitt gjennombrot i 1914. Vekta ligg på Edvard Munch med ei eineståande samling av måleri og grafiske blad. Samlinga inneheld også ein stor del av Theodor Kittelsen sine arbeid, og alle teikningane og skissene Gerhard Munthe laga til det store arbeidet med dekor av Håkonshallen. Dette vart øydelagt under eksplosjonsulykka på Vågen i Bergen i 1944.

Rasmus Meyer vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1911. Han døydde i 1916 i Bærum.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]