Hopp til innhald

Henri Matisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henri Matisse

StatsborgarskapFrankrike
Fødd31. desember 1869
Le Cateau-Cambrésis
Død

3. november 1954 (84 år)
Nice

Yrkekunstmålar, bilethoggar, grafikar, litograf, grafikar, teiknar, keramikar, kunstnar
Språkfransk
Sjangerdecoupage, landskapsmåleri, figurmåleri, stilleben, portrettmåleri
Medlem avAcademia Nacional de Bellas Artes de Argentina
Religionateisme
EktefelleAmélie Parayre
BornMarguerite Duthuit-Matisse, Jean Gérard Matisse, Pierre Matisse
Signatur
Henri Matisse på Commons

Henri Émile Benoît Matisse (31. desember 18693. november 1954) var ein fransk biletkunstnar.

Matisse blir rekna som ein av dei største blant dei tidlege modernistane og han arbeidde med ulike uttrykksformer og materialar, men var hovudsakleg målar.

Liv og verk

[endre | endre wikiteksten]

Matisse voks opp i Bohain-en-Vermandois og flytta i 1887 til Paris for å studere juss. Under ein sjukdomsperiode begynte han å måle og i 1891 begynte han å studere målarkunst ved Académie Julian i Paris, der han blant anna studerte under Odilon Redon og Gustave Moreau.

Han var i begynninga sterkt påverka og inspirert av verka til Édouard Manet, Paul Signac og Paul Cézanne. Han blei snart leiar for dei kunstnarane som blir kalla fauvistar. I 1901 deltok han i ei utstilling og i 1904 hadde han si første separatutstilling. Då han flytta sørover til rivieraen, trefte han André Derain, noko som påverka målinga til Matisse. Verka frå perioden 1906-1917 blir rekna blant dei ypparste han laga. Etter at han busette seg i Nice i 1921 blei kunsten hans meir dekorativ og mindre intens.

Norske elevar

[endre | endre wikiteksten]

Mange norske kunstnarar og kunststudentar drog til Paris for å studere under Matisse. Blant desse var Jean Heiberg, Per Krohg, Axel Revold, Alf Rolfsen og Einar Sandberg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Henri Matisse