Hopp til innhald

Raïs M'Bolhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ارايس مبولحي
Raïs M'Bolhi
Personleg informasjon
Fullt namn Adi Raïs Cobos Adrien M'Bolhi Ouhab
Fødd 25. april 1986
Fødestad Paris
Høgd 190 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
CSKA Sofia
Nummer 92
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-2002
2003-06
2006
2006
2007
2008
2009-10
2010
2011-
2011-
Frankrike RCF Paris
Frankrike Marseille
Skottland Heart of Midlothian
Skottland Ethnikós Pireus
Hellas Panetolikós
Japan FC Ryūkyū
Slavia Sofia
CSKA Sofia (lån)
Krylja Sovetov
CSKA Sofia (lån)
0 (0)
0 (0)
0 (0)
5 (0)
8 (0)
22 (0)
27 (0)
10 (0)
17 (0)
7 (0)
Landslag
2010- Algerie Algerie 10 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 27. september 2011

Adi Raïs Cobos Adrien M'Bolhi Ouhab, arabisk ارايس مبولحي (fødd 25. april 1986 i Paris) er ein fransk fotballspelar med kongolesisk far og algerisk mor, som hausten 2011 spela som keeper for CSKA Sofia i den bulgarske fotballigaen, på lån frå Krylja Sovetov i den russiske fotballigaen, og for det algeriske landslaget. Han vart kåra til årets keeper i den bulgarske ligaen i 2009. M'Bolhi spelte landskampar for Frankrike på U16- og U17-nivå. I mai 2010 vart han teken ut til Algerie sin tropp til fotball-VM i 2010, og han debuterte for Algerie sitt A-landslag 28. mai 2010 som innbytar i ein privatlandskamp mot Irland. Han slepte inn eitt mål på straffespark i den kampen. Den andre landskampen hans var gruppekampen mot England under VM i Sør-Afrika, der han heldt målet reint.