Real Mallorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Real Club Deportivo Mallorca er ein spansk fotballklubb heimehøyrande i Palma på øya Mallorca. Klubben vart stifta 5. mars 1916 og deltek i 2021 på nivå 2 i det spanske seriesystemet. Heimebana rommar 23 142 tilskodarar. Laget spelar i raudt og svart.

Real Mallorca hadde si store tid kring tusenårsskiftet. Klubben tok seg i 1999 til finalen i den aller siste cupvinnarcupen, der det vart tap 1-2 mot SS Lazio. Same året vart laget nummer 3 i La Liga, ein prestasjon spelarane kopierte i 2001. 28. juni 2003 vann Real Mallorca 3-0 over Huelva i den spanske cupfinalen (Copa del Rey), etter straffeskåring av Walter Pandiani og to mål av Samuel Eto'o.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]