Realismen
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Realisme.
Realismen er ein tanke- og kunstretning som gjorde seg gjeldande i Europa frå midten av 1800-talet. Ein reknar særleg biletkunst frå tida 1850–1870 og litteratur frå tiåret 1875–1885 med til realismen.
Realismen oppstod i Frankrike på om lag same tid som fotografiet og sosialismen. Kunstnarar ønskte å opptre som fotografiapparat ved å skildra verda slik ho var, utan overdrivne kjensler og romantikk, og ofte med håp om å forbetra den sosiale røynda.
Realismen blei vidareført gjennom naturalismen og seinare avløyst av nyromantikken.
Viktige namn
[endre | endre wikiteksten]- Bjørnstjerne Bjørnson, norsk forfattar
- Georg Brandes, dansk litteraturkritikar
- Gustave Courbet, fransk målar
- Charles Darwin, engelsk vitskapsmann
- Charles Dickens, engelsk forfattar
- Fjodor Dostojevskij, russisk forfattar
- Arne Garborg, norsk forfattar
- Henrik Ibsen, norsk forfattar
- Alexander Kielland, norsk forfattar
- Christian Krohg, norsk forfattar og målar
- Jonas Lie, norsk forfattar
- Karl Marx, tysk tenkjar
- John Stuart Mill, engelsk tenkjar
- Jean-François Millet, fransk målar
- August Strindberg, svensk forfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Realisme (kunst)» frå Wikipedia på bokmål, og «Realisme (litteratur)» frå Wikipedia på bokmål den 18. januar 2008.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gustave Courbet» frå Wikipedia på bokmål, og «Realism (arts)» frå Wikipedia på engelsk den 18. januar 2008.