Reddal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Reddal er ei bygd i Grimstad kommune i Agder, vest for bysenteret Grimstad, nord for Reddalsvatnet (2 moh.). Reddalsvatnet og Landvikvatnet vart senka 4 meter i 1870-åra for å skaffe tilleggsjord til gardane. Elva vart kanalisert for småbåtar i Reddalskanalen mellom Reddalsvatnet og Strandfjorden. Det vert drive med grønsakdyrking i bygda.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Reddal» i Store norske leksikon, snl.no.