Reese Wynans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reese Wynans
Reese Wynans with Joe Bonamassa.jpg
Fødd1947 (74 år)
OpphavUSA
Instrumentorgel
Verka sommusikar, pianist

Reese Wynans (fødd 1. januar 1947) er ein USA-amerikansk klaverspelar, som har arbeidd mest som studiomusikar og som medlem av Double Trouble[1] og det progressive rockebandet Captain Beyond.

Wynans start karrieren i Second Coming, som inkluderte to framtidige medlemmar av The Allman Brothers Band: gitaristen Dickey Betts og bassisten Berry Oakley. I 1973 spelte han med Captain Beyond og var med på albumet Sufficiently Breathless. Han slutta etter berre ein konsert med bandet. I 1975 flytta han til Austin og vart med i The Jerry Jeff Walker Band. Wynans spelte òg med The Explosives. I 1980 spelte han med Delbert McClinton og han spelte piano på album av Carole King.

Wynans vart med i Stevie Ray Vaughan og Double Trouble i 1985, der han var fram til Vaughan døydde i 1990.

Etter han flytta til Nashville i 1992 har Wynans spelt klaverinstrument for ei rekkje countryartistar, som Brooks & Dunn, Trisha Yearwood, Martina McBride og Hank Williams Jr. Wynans har òg spelt med bluesartistar som Buddy Guy, John Mayall, Kenny Wayne Shepherd, Colin James, Ana Popovic, Dudley Taft, Eli Cook, og Los Lonely Boys.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leahey, Andrew. «Album Reviews, Ratings, and Best New Albums». Rolling Stone. Henta 22. november 2020. 
  2. «Reese Wynans | Credits». AllMusic. 23. mai 1988. Henta 22. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]