Reichenspitze
Utsjånad
| Reichenspitze | |||
| fjell | |||
Reichenspitze i midten til høgre, med grannetoppen Gabler i midten til venstre | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Zillertalalpane | ||
| Høgd | 3 303 moh. | ||
| Primærfaktor | 683 m m | ||
| Førstestiging | 1856 | ||
| Koordinatar | 47°8′21″N 12°6′38″E / 47.13917°N 12.11056°E | ||
![]() Reichenspitze 47°08′21″N 12°06′38″E / 47.1392°N 12.1106°E | |||
| Wikimedia Commons: Reichenspitze | |||
Reichenspitze er ein 3 303 meter over havet høg fjelltopp aust i Zillertalalpane, på grensa mellom dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg. Fjelltoppen er den høgste i dei såkalla Reichenspitz-fjella og byr på eit vidt utsyn.
Reichenspitze reiser seg på ein langsgåande fjellrygg, der det 3 263 moh høge Gabler ligg i nærleiken på nordaustegga, medan Richterspitze (3 052 moh) er søraust på egga. På nordvestegga står den 3 278 meter over havet høge Wildgerlosspitze.
Ein no ukjend, namnlaus bonde frå Prettau i Tauferer Ahrntal klatra i 1856 opp austveggen og vart fyrstemann til topps på Reichenspitze.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reichenspitze» frå Wikipedia på tysk, den 27. juli 2014.
