Wildgerlosspitze
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wildgerlosspitze | |||
fjell | |||
Wildgerlosspitze er den fjerde fjelltoppen frå venstre på egga i bakgrunnen. Elles på egga frå venstre er Gabler, Reichenspitze og Hahnenkamm.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Zillertalalpane | ||
Høgd | 3 278 moh. | ||
Førstestiging | 1877 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Wildgerlosspitze |
Wildgerlosspitze er eit 3 278 meter over havet høgt fjell aust i Zillertalalpane, på grensa mellom dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg. Den bratte fjelltoppen reiser seg på egga der Reichenspitze er den høgste toppen. Wildgerlosspitze består av to toppar; hovudtoppen er 13 meter høgre enn den 3 265 meter over havet høge nordvestoppen.
Den 19. august 1877 klatra fjellturisten Victor Sieger til topps saman med fjellføraren Stefan Kirchler. Dei steig opp frå sørsida av fjellet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Wildgerlosspitze» frå Wikipedia på tysk, den 27. juli 2014.