Reidar Andreassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reidar Andreassen (fødd 19. desember 1932) frå Herefoss er ein tidlegare langrennsløpar og friidrettsutøvar, som vart noregsmeister både i vinter- og sommaridrett. Han representerte Herefoss Idrettslag i vinteridrett og idrettslaget BUL i Oslo i sommaridrett.

Ski[endre | endre wikiteksten]

Reidar Andreassen vart noregsmeister på 50 km langrenn to gongar, 1958 og 1960. I 1958 vann han med over fem minuttars margin til sølvmannen Ådne Mykland. Året etter fekk han sølv på tremila i NM, på tungt føre kom han inn bak Sverre Stensheim, men framom Harald Grønningen. Sesongen etter fekk han revansje på femmila under noregsmeisterskapen, då han slo Stensheim med 1 minutt og 24 sekund. Han vart premiert 13 gongar i Holmenkollrenna, men var aldri betre enn nummer fem.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Nr 11 på 50 km i Holmenkollen
  • 1958: Nr 20 og beste nordmann på femmila under VM i Lahti
  • 1959: Nr 5 på 15 km i Holmenkollen
  • 1960: Nr 6 på 50 km i Holmenkollen
  • 1962: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen
  • 1963: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen
  • 1964: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
  • 1965: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Nr 10 på 50 km på Rena
  • 1958: Gullmedalje på 50 km i Oslo
  • 1959: Sølvmedalje på 30 km på Gjøvik
  • 1960: Gullmedalje på 50 km på Fåberg
  • 1962: Nr 7 på 30 km i Skien
  • 1963: Nr 7 på 15 km i Rælingen
  • 1964: Nr 5 på 15 km på Voss
  • 1965: Nr 6 på 50 km i Bærum
  • 1969: Bronsemedalje i 3 x 10 km stafett med IL Gry i Alvdal

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Andreassen vart sølvmedaljevinnar under noregsmeisterskapane 1957 og 1958, begge gongane på 3000 meter hinder. Første gongen måtte han sjå seg slått av kongepokalvinnaren det året, Ernst Larsen, som vann med over 20 sekundar betre tid enn Andreassen. Andre gongen var det Ragnvald Næss som vann distansen. Sommaren 1960 vart Andreassen noregsmeister på 10 000 meter baneløp, eit halvt år etter NM-femmilssigeren som han hadde vunne i vintersesongen. Han spurstlo Ola Tellesbø og vann med tida 30.05.0. Andreassen deltok i seks landskampar for Noreg i friidrett.

I 1963 sette Andreassen ny rekord i Besseggløpet over fjellryggen Besseggen i Vågå kommune i Oppland fylke, på tida 1.16,48.

Andreassen vart i 1960 tildelt Egebergs Ærespris.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar